Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Miljøfyrtårn
Miljøstatus Sogn og Fjordane
Klimaarbeid i Sogn og Fjordane
Fylkesatlas
Framtidsfylke
Frukt og Bær
Du er her: Hovudside
Hopp til menyen
Avansert

Verneplanen for edellauvskog i Sogn og Fjordane vedteken i dag!

Almetre i Husum, Lærdal - Foto: Johannes Anonby
I dag, 19. juni 2009, vart edellauvskogplanen vedteken, med 13 av dei 14 områda som var på høyring.
Ramslia i Høyanger er utsett i påvente av avklaring av kraftutbyggingssak. Også for fleire av dei 13 områda er det gjort nokre endringar sidan Fylkesmannen sende si tilråding etter høyringa. Arbeidet med noverande verneplan vart sett i gang i 2003, men edellauvskogplanen er i røynda langt eldre enn det . Alt i 1979 vart det første framlegget sendt på høyring, på grunnlag av registreringsarbeid som var starta fleire år før. Det er altså eit langdrygt arbeid som no er avslutta.

Slutt er det likevel ikkje: No startar det viktige arbeidet med forvaltinga! Som svært mange av naturreservata i Norge er også ein stor del av dei nye edellauvskogreservata truga, først og fremst av framande artar som spreier seg ukontrollert. Forvaltingsplanar skal utarbeidast så snart som mogleg, og for to område, Lindvik og Åsane i Eid, er dette arbeidet alt i gang. Fylkesmannen har eit godt samarbeid med Sogn og Fjordane Skogeigarlag, som vil gje råd om ulike måtar å drive ut uønskte tre. Fylkesmannen vil sende ut brev til alle grunneigarane med orientering om rett til erstatning, og kva som vil skje vidare.

Nærbilete vestover frå Klingehola















Steiehalsen i Dalsfjorden er ein eineståande lokalitet for varmekjære artar i sin region. Reservatgrensa er tilpassa bygginga av Dalsfjordsambandet. Foto: Johannes Anonby

Ved grenseknekkpkt 90 moh NA for Viki





























Kvinnafossen i Leikanger er eit skattkammer for varmekjære artar. Vernet er også historisk, då Leikanger kommune fram til no har vore einaste kommunen utan noko verneområde her i fylket!
Foto: Johannes Anonby

(19.06.2009 Oppdatert: 10.09.2009)

Kontaktpersonar
Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger - 57 65 50 00 - post@fmsf.no