Fylkesmannen ber Leikanger kommune vurdere om innhaldet i kompensasjonsavtale
med Sognekraft er lovleg.
Fylkesmannen har bedt Leikanger kommune vurdere om utkast til
kompensasjonsavtale med Sognekraft for utbygging av Henjaelvi og Grindselvi
er lovleg.
Den omstridde ordlyden i avtaleforslaget er "Kroner 1 million forfaller til
betaling når kommunestyret i Leikanger kommune ved flertallsvedtak har avgitt
positiv uttalelse til utbyggingsprosjekt på mer enn 175 GWh middelproduksjon.
Beløpet skal brukes til tilskudd til kunstgressbanen i Leikanger
kommune."
For at tilliten til forsvarleg saksbehandling skal vere ivaretatt, meinar
Fylkesmannen at ein bør vere varsam med å inngå avtalar som kan svekke
tilliten til kommunen si saksbehandling ved at avgjerdene kan sjå ut til å
vere kjøpt og betalt. Ordlyden i avtaleforslaget er derfor uheldig sidan
dette inntrykket blir skapt. Det er likevel ikkje gitt at avtalen er
ulovleg, dette er tilhøve som kommunen må vurdere i samband
med handsaminga i kommunestyret den 9. juni.
Spørsmålet vart reist av Carlo Aall i Informasjonskomiteen for
Systrondsvassdraga.
Vårt brev til kommunen kan du lese
her. (.pdf-dokument)