Totalt 15 område har vore vurdert og fleire av desse er sterke
konkurrentar til dei 3 som har fått plass på lista, mellom anna Ormelid i
Luster kommune. I utvelginga har ein lagt mest vekt på biologiske og
kulturhistoriske verdiar. I tillegg har ein vurdert moglegheitane for å
få til langsiktig skjøtsel i områda. Det har vore møte i dei aktuelle
kommunane (også i Luster kommune) der fylke, kommune,
næringsorganisasjonar, aktuelle grunneigarar og gardbrukarar og andre
interesserte har fått drøfta prosjektet.
Nasjonale styresmakter legg opp til at spesielt verdifulle kulturlandskap
skal vere dokumenterte og ha fått ei særskilt forvaltning innan 2010.
Fylka er spurde om å foreslå 2-3 område som kan inngå i dei 20 fyrste
områda i satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Det er meininga at
alle fylka skal få med eitt område og Fylkesmannen reknar med at dette
vert avgjort på nasjonalt nivå i løpet av mai. Det vil så verte jobba
vidare med ein forvaltningplan for det utvalde området.