Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Miljøfyrtårn
Miljøstatus Sogn og Fjordane
Klimaarbeid i Sogn og Fjordane
Fylkesatlas
Framtidsfylke
Frukt og Bær
Du er her: Hovudside
Hopp til menyen
Avansert

Storruse i Jølstravatnet

Fylkesmannen har gitt eit løyve til å fiske med storruse i Jølstravatnet i tidsrommet 1. juni – 15. september 2007 – 2012.

Sigbjørn Steinsund har fått løyve til å fiske med storruse på eigen fiskerett. Storruse består av eit leiegarn og eit fangstkammer, ikkje ulikt kilenota som blir brukt i sjølaksefisket. I forskrifta om fisket i Jølstravatnet er det ikkje opna for å bruke storruse, men Fylkesmannen kan dispensere frå reglane. I den lokale høyringa av søknaden var det brei semje om å opne for å prøve ut storrusefiske på nokre vilkår. All aure større enn 0,5 kg skal settast ut att, for å ta omsyn til den spesielle stammen av storaure i Jølstravatnet.

Fylkesmannen er opptatt av at fiskereglane skal gi rom for eit tilstrekkeleg uttak av fisk og at det skal vere mogleg å prøve ut nye fangstmetodar. Det ser ut til å vere ønskeleg å både gi ein eller fleire dispensasjonar til å bruke storruse og å revidere forskrifta om fisket i Jølstravatnet for å oppheve helgefredinga og utvide garnfisket noko. Vi vil ta kontakt med Jølster kommune og dei lokale laga og be om at det blir utarbeidd eit endringsforslag. Det blir årleg fiska om lag 16 tonn aure i Jølstravatnet, det meste av dette på flytegarn.

Vilkår for storrusefisket

 

·        Leiegarnet er maksimalt 100 m langt og 12 m djupt.

·        All aure større enn 0,5 kg skal settast ut att (må behandlast skånsamt).

·        Lengda på flytegarn som skal brukast i tillegg til storrusa, blir avgrensa tilsvarande lengda på leiegarnet til rusa.

·        Det skal førast logg for dato og fangst (tal fisk og totalvekt) og for tal fisk som er sett ut att.

·        Fylkesmannen, Statens naturoppsyn, Jølster kommune og Jølster jakt- og fiskelag skal på oppfordring få tilgang til loggen.

·        Fylkesmannen kan fastsette ein fangstkvote for fisket.

 

 

Lenkjer:

Vedtaket om storruse

Forskrifta om fisket i Jølstravatnet

(20.02.2007 Oppdatert: 01.06.2007)

Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger - 57 65 50 00 - post@fmsf.no