Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Miljøfyrtårn
Miljøstatus Sogn og Fjordane
Klimaarbeid i Sogn og Fjordane
Fylkesatlas
Framtidsfylke
Frukt og Bær
Du er her: Hovudside
Hopp til menyen
Avansert

Rekordutbetaling til rovviltskade

fire store rovdyr - Foto: Direktoratet for naturforvaltning
2006 vart eit rekordår i erstatningsutbetaling for sau drepe av freda rovvilt. Bjørn er den nye skadegjeraren i år og for første gong på veldig mange år har vi hatt besøk av alle dei 4 store rovdyra i fylket vårt.
Totalt er det utbetalt kr 1.694.801,- i erstatning for sau, lam og geit. I fjor var erstatninga på kr 1.033.709,-. Luster kjem også i år ut som den ”største” kommunen med erstatning på kr 699.216,- fordelt på 38 søkjarar, og kommunen står for vel 40 % av erstatningsutbetalingane. Både jerv, gaupe og bjørn har gjort stor skade i Luster i år.
 
For heile fylket er jerv som vanleg den største skadegjeraren og utgjør 60 % av dei erstatta dyra. Gaupe står for 21 %, bjørn for 12 % og kongeørn for 7 %.
 
Totalt er det erstatta 179 vaksne sauer og 815 lam, av desse er det erstatta 31 sau og 179 lam pga. gaupe, 63 sau og 524 lam pga. jerv, 76 sau og 45 lam pga. bjørn, 8 sau og 61 lam pga. kongeørn og 1 sau og 6 lam pga. uspesifisert freda rovvilt. I tillegg er det erstatta 1 geit og 9 kje pga. kongeørn.
 
Statens Naturoppsyn, som har ansvaret for skadedokumentasjon og også for bestandsregistrering av freda rovvilt, har i år registrert/kontrollert om lag 175 kadaver i fylket. Tilsvarande tal for 2005 var 186, 166 i 2004 og 138 i 2003.
 
Talet på søknader i år er 119 og det er utbetalt erstatning til 110 søkjarar. 9 søkjarar får avslag pga. manglande dokumentasjon. ( For 2005 var tala 129 søknader, erstatning til 108 og avslag til 21 ). I år vart det søkt om å få erstatta tap av 108 sauer og 701 lam pga. jerv, 108 sauer og 397 lam pga. gaupe, 95 sauer og 107 lam pga. bjørn, 11 sauer og 25 lam pga. ulv, 45 sauer og 177 lam pga. kongeørn og 4 sauer og 24 lam pga. freda rovvilt.
(22.12.2006 Oppdatert: 01.06.2007)

Relaterte dokument
Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger - 57 65 50 00 - post@fmsf.no