Kort byggjetid
Samdrifta fekk klarsignal frå Innovasjon Norge om økonomisk støtte i
fjor vinter, etter å ha fått rådgjeving og driftsplan frå
Mjølkeprosjektet i Sogn og Fjordane og tekniske planar frå Fylkesmannen
si landbruksavdeling. Dei gjekk i gang med grunnarbeidet i mai, og no
ni månader seinare står det 1 850 m2 store bygget klart for
innflytting i løpet av ei vekes tid. Av dei ni samdriftsfjøsa som fekk
løyvt tilskot i fjor, er dette det aller største fjøset med plass til
ca 80 mjølkekyr og 160 kalvar og ungdyr. Dermed kan både kyr og ungdyr
frå dei 6 bruka samlast under eitt tak. Det er ikkje bygt forlager, men
berre eit forrom som er integrert i fjøset. Ein baserer seg på å bruke
rundballar og surfor frå eksisterande siloar. Her skal produserast
mykje mjølk noko den store mjølketanken på 6 000 liter vitnar om.
For stort for ein robot
Med den storleiken og dei mjølkekvotane som bruka på Kyrkjeeide har,
ville fort kapasiteten på ein mjølkerobot bli for liten i dette fjøset.
Difor kjøpte dei heller ein stor mjølkestall der det kan mjølkast 16
kyr om gongen. Ein reknar med at det stort sett trengst to personar til
mjølkinga sjølv om ein har investert i automatisk avtaking av
mjølkeorgana. Golvet i den moderne mjølkestallen kan hevast og senkast
hydraulisk slik at arbeidsstllinga vert best mogleg tilpassa røktarane.
Fjøset er bygt med 3 liggebåsrekker for mjølkekyr og det har 2
liggebåsrekker for ungdyr. Det er ei aktuell og god løysing, dersom ein
vil fore fram alle ungdyra til slakt.
|
Ein lys, triveleg og solid samdriftsfjøs
|
Ivar Kyrkjeeide er ein av samdriftsbøndene
|
Lyst og solid bygg
Dei mange besøkande fekk sjå eit lyst, triveleg og solid fjøs der det
var høgt og luftig under taket. Det er konstruert av sjølvberande
stålrammer, og veggane er av isolerte betongelement. Taket er bygt med
sandwichelement. Lysrøra er senka godt ned i høve til taket slik at det
blir god lyseffekt. På oppsamlingsarealet framfor mjølkestallen er det
betongspaltegolv for å lette reinhaldet, men elles er det opne renner
med tidsstyrte skraper på gangareala. Gjødsla vert tappa til ein stor
utvendig gjødselsilo. Brukarane på Kyrkjeeide er nøgde med nybygget og
ser fram til å ta det i bruk.