Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Miljøstatus Sogn og Fjordane
Klimaarbeid i Sogn og Fjordane
Fylkesatlas
Frukt og Bær
Framtidsfylke
Du er her: Hovudside
Hopp til menyen
Avansert

Eit halvt tusen hundreårsbrev

Skrive - Foto: Not given - Copyright: Not given
Heile 548 brev og ein pakke med teikningar er sendt vidare til Nasjonal-biblioteket. Om hundre år, i 2105, kan etterkommarane våre lese korleis det norske folk levde for hundre år sidan.
Eit halvt tusen sogningar har skrive til sine ufødde barnebarn, oldebarn, tippoldebarn eller til fremtida sjølv. Store og små har stogga opp og reflektert over den tida vi lever i, og den framtida vi ynskjer å skape. No ligg breva trygt på Nasjonalbiblioteket, og først om hundre år får etterkommarane våre innsyn i kva vi tenkte om notida og framtida.
 
Totalt har Fylkesmannen fått inn 548 brev. Frå Holmedal skule kom det ein heil pakke med teikningar frå elevane.Blant breva er det sendingar frå Davik barne- og ungdomsskule i Bremanger, Høyanger skule, Reed skule i Gloppen, Ytre Solund skule, Flora barneskule, Steinhovden skule i Flora, Trudvang skule i Sogndal, Stryn ungdomsskule, Stårheim skule i Eid, Flatbygdi skule i Vik, Tonning skule i Stryn og skular i Aurland og Førde.
 
I tillegg til at svært mange skular i fylket sette elevane til å skrive hundreårsbrev, har også nokre få enkeltpersonar skrive hundreårsbrev.
 
(31.08.2005 Oppdatert: 01.06.2007)

Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger - 57 65 50 00 - post@fmsf.no