Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Miljøfyrtårn
Miljøstatus Sogn og Fjordane
Klimaarbeid i Sogn og Fjordane
Fylkesatlas
Framtidsfylke
Frukt og Bær
Du er her: Hovudside
Hopp til menyen
Avansert

Oppheva dispensasjonsvedtak i Askvoll

1428 Askvoll SF - kommunevåpen - Foto: Not given
Dispensasjon til bruksendring av turistmotellet i Askvoll sentrum vart oppheva etter lovlegkontroll.
Fylkesmannen har gjennomført lovlegkontroll av dispensasjonen som planutvalet i Askvoll gav for bruksendring av turistmotellet i Askvoll sentrum.
 
Det var søkt om løyve til å omdisponere turistmotellet til fritidsbustader, noko Fylkesmannen meiner er ei for omfattande og varig endring til at ein har høve til å dispensere frå gjeldande reguleringsplan. Kommunen skulle i staden ha gått vegen om ei planendring fordi vesentlege planføresetnader ikkje må fråvikast ved dispensasjon.
 
Etter kommunelova § 59 nr. 5 er Fylkesmannen gitt myndigheit til på eige initiativ å ta opp ei avgjerd til lovlegkontroll. Det bør hefte usikkerheit ved gyldigheita til ei avgjerd før kompetansen til lovlegkontroll på eige tiltak blir brukt. Det er opp til Fylkesmannen sitt skjønn når adgangen skal brukast.
 
Vedtaket kan du lese her. (Word-dok)
(14.03.2005 Oppdatert: 01.06.2007)

Kontaktpersonar
Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger - 57 65 50 00 - post@fmsf.no