Direktoratet for naturforvaltning inviterte i mars å kome med uttale til
framlegget om supplering av ordninga med Nasjonale Laksefjordar og
Nasjonale lakseelvar. Frist for uttale vart sett til 1.10.04. Alle berørte
kommunar og fylkesmannen har no gitt uttale til framlegget.
Noko av faktagrunnlaget for høyringspartane er tidlegare vist
på desse
sidene. (Her finn du også link til Stortingsproposisjonen som gir
grunnlaget for opprettinga, høyringsdokumentet og kva for tiltak som vert
omfatta.)
Vår uttale i fulltekst kan ein lese
her (PDF-format).
Fylkesmannen støttar framlegget om å gje vassdraga
Lærdalselva, Nærøydalselva og
Nausta status som Nasjonal lakseelv.
Fylkesmannen meiner at arealet til den tilhøyrande
Nasjonale laksefjorden til Nausta (Førdefjorden) kan
reduserast med om lag 65 % og at grensa kan trekkast om lag 13 km austover
til Flokeneset.
Vårt framlegg til Nasjonal laksefjord i Førdefjorden er
vist på
vedlagte kart.
Fylkesmannen har gått gjennom fleire av dei lokale
uttalene, og har så langt råd er søkt å finne løysingar som ikkje
utholer meininga med framlegget, samstundes som evt. lokale konfliktar
vert mest mogeleg unngått. Det har vore stor semje om at Lærdalselva og
Nærøydalselva naturleg bør ha status som Nasjonale lakseelvar. Utpeikinga
av Lærdalselva må likevel sjåast på bakgrunn av den opphavelege storleiken
på laksestamma og delen av Lærdalslaks som kan gå i Sognefjorden. Vi
har von om at lakseparasitten G. salaris kan fjernast frå
systemet ved kjemisk behandling. Status vil m.a. sikre at yttarlegare
kraftutbygging berre kan skje dersom villaks ikkje kan ta skade.
Nausta har vore meir konfliktfylt lokalt, og utpeikinga
må sjåast på bakgrunn av at dette er den elva som for tida
produserer mest laks i fylket. Framlegget er også i samsvar med framlegget
frå Regjeringa om supplement til Verneplan IV for vassdrag. Vi vil
likevel streke under at status som Nasjonal lakseelv ikkje er noko
vern, men ei presisering at tiltak i vassdraget ikkje kan gjennomførast
dersom det vert til skade for laksen i elva. Det vert eit sett med ulike
verkemiddel som skal sikre at elva varig vil vere ei god lakseelv.
Framlegget til Nasjonal laksefjord i
Førdefjorden er omfattande, og gjeld fjordsystemet heilt ut til
Svanøy. Fylkesmannen har merka seg motstanden mot laksefjord-nemninga -
spesielt så langt ut i fjorden, og særskild ved det aktive oppdrettsmiljøet
ved Svanøy. Vi kan der i mot ikkje sjå at det er særskilde problem knytt
til status som laksefjord og planar for rutil-utvinning ved Engebø. Det er
etter vårt syn andre problemstillingar knytt til ei evt. slik etablering.
Vi meiner difor at eit redusert framlegg til laksefjord vil sikre dei
motstridande interessene på best måte.