Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Miljøfyrtårn
Miljøstatus Sogn og Fjordane
Klimaarbeid i Sogn og Fjordane
Fylkesatlas
Framtidsfylke
Frukt og Bær
Du er her: Hovudside
Hopp til menyen
Avansert

Ein ny generasjon driftsbygningar

Driftsbygning - gavlfasade - Foto: Not given - Copyright: Not given
Interessa for å byggje nye driftsbygningar til mjølkeproduksjon er i ferd med å ta seg opp. Kravet om lausdrift og betre dyrevelferd, samt tilrettelegging for samdrift, har skapt ein heilt ny situasjon på svært kort tid.

Dette har også opna for nye bygningsløysingar og ny teknikk. Endringane i byggjemåte og teknisk planlegging er store. Framtidsretting og modernisering av landbruket er uttrykk som ofte vert nytta om dette. Landbruksavdelinga har fleire spennande prosjekt under vurdering og planlegging.

 

I dei fleste nye samdriftsprosjekta vert det planlagt for 30 – 45 kyr. Samstundes er det enno fullt mogeleg å byggje nye fjøs på einskildbruk dersom dei økonomiske føresetnadene er til stades.

 

Samdrift eller ikkje, i alle høve må ein i dag planlegge så fleksibelt at ein lett kan endre produksjonsomfanget. Dei som byggjer åleine bør kunne utvide fjøsa til rasjonelle samdriftsfjøs seinare, og dei som går inn i eit fellesskap bør ha ein viss plan for kva som skal skje om dei går ut av samdrifta. Planleggingsfasen for eit samdriftsfjøs viser seg ofte å bli relativt lang sidan det er fleire partar og mange forhold å ta omsyn til. Det kan ta år, men ein må ta seg nødvendig tid både når det gjeld å få laga avtalar og når det gjeld bygningsplanlegging. Denne modningsfasen er det mange som er inne i no. 

 

Kva vert planlagt?

Ein del samdriftsprosjekt er under planlegging. Dei aller fleste er i storleiken 30 – 45 mjølkekyr der to - fire brukarar er med. Likevel har ein døme på at det vert vurdert å byggje for 60 – 80 kyr. Det er mest vanleg å byggje berre fjøs og forsentral, i alle høve som det første byggjesteget. Bygningane vert som regel fundamenterte direkte på grunnen utan gjødselkjellar. Det vert nytta rundballesurfor eller surfor frå eksisterande siloar. Dei største fjøsa har ei grunnflate på over 1 000 m2.

 

For slike bygningar ligg den kalkulerte kostnaden på ca kr 100 000,- pr kuplass. Då inneheld dei også plass til ein del kalvar og ungdyr. Kostnader på 3 – 5 mill. kroner er vanleg. Dersom ein gjer eigeninnsats, kan prisen reduserast ein del, noko som er viktig for lønsemda i prosjekta. Det er lita eller inga interesse for uisolerte fjøs til mjølkekyr her i fylket. Trenden elles i landet er tilbakegang i bygginga av kaldfjøs. Til ungdyr og sauer er det derimot svært aktuelt.

 

 

 

 

Driftsbygning - gavlfasade

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det mest typiske ved dei nye fjøsa er at dei er breie og konstruerte med opne rammekonstruksjonar av limtre eller stål. Bygningsbreidder på over 20 meter er vanleg. Dette gjev luftige og lyse dyrerom med godt inneklima. Det vert planlagt liggebåsar eller tett liggeplass til alle dyra. I det heile legg ein stor vekt på dyrevelferd og dyra sine naturlege behov. At det krev større bygningsareal og dermed høgare kostnad er ikkje til å legge skjul på. Elles er det velkjent at når ein byggjer stort vert kostnaden per eining mindre.

 

I fjøs med opp til 50 kyr vert det vanlegvis planlagt mjølkestallar med 6 – 10 mjølkeplassar. Dei fleste vil ha mjølkeanlegg med automatisk avtaking, og ein legg opp til at ein person skal kunne gjere unna mjølkinga på 1 time. Det vert planlagt med frå to til fire liggebåsrekker. Tre rekker er det mest vanlege, og er eit gunstig alternativ med tanke på plassutnytting.

 

Kufjøs med tre liggebåsrekker og betongspaltegolv

Skal ein ha robotmjølking og styrt kutrafikk bør det vere to eller fire liggebåsrekker. Har ein tre rekker vert det fri kutrafikk, men også det kan brukast ved automatisk mjølking. Ein mjølkerobot kostar 1,2 – 1,3 mill. kroner og har kapasitet til 62 kyr. Skal ein velje robot, bør kapasiteten utnyttast fullt ut. Det er vanleg å rekne med at ein robot har ei levetid på 10 – 12 år, og dei årlege servicekostnadane kan kome på minst kr 50 000,-. På plussida må ein ta med at roboten krev mykje mindre plass enn ein mjølkestall slik at ein sparer bygningsareal. Kyrne vert mjølka opp til 3 gonger pr. døgn og ytinga kan bli noko høgare enn ved tradisjonell mjølking. Per i dag er det ikkje mange som vurderer robotfjøs her i fylket, men det kan nok kome etter kvart. Det er likevel vanleg å planlegge ut frå den tankegangen at automatisk mjølking kan bli meir vanleg i framtida.

 

Støtteordningar

Dei som skipar samdriftsselskap og byggjer driftsbygningar, kan maksimalt oppnå kr 400 000,- i tilskot og dei kan få rentestøtte til eit lån på 2,0 mill. kroner. Det forutset ein byggjekostnad på 3,4 mill. kroner eller meir. For einskildbruk er det mogleg å få kr 200 000,- i tilskot og ein kan få rentestøtte til eit lån på 1,0 mill. kroner. Det er Innovasjon Norge (tidlegare SND) som forvaltar støtteordningane.

 

Desse ordningane, men også produksjonsstøtta, er slik i dag at det løner seg å byggje middels store samdriftsfjøs. Kostnader utover det som gjev utteljing i støtteordningane, må ein finansiere sjølv. Om reglane og profilen på støtta vil endre seg i framtida, veit ein ikkje.

 

 

Utfordringar

Det er ikkje alltid lett å plassere nye store fjøs inn i eksisterande tun. I nokre høve byggjer ein dei saman med dei eksisterande driftsbygningane, i andre høve vel ein ei heilt ny tomt. Dei kan bli store og dominerande i tunmiljøa og kulturlandskapet.

 

Dei nye bygningane er store og opne, og set spesielle krav til dimensjonering av berekonstruksjonane. Vindavstiving må det ikkje takast for lett på, elles kan det få katastrofale følgjer. Det er eit paradoks at det berre krevst byggjemelding når ein skal ha byggjeløyve. Bygningar på denne storleik og til kostnader på mange millionar, bør planleggast skikkeleg.

 

Det er delte meiningar om store fjøs og samdrift, men at det er interessant å vere med på å planlegge ein heilt ny type driftsbygningar er i alle fall sikkert.
 
Kontaktperson: Fylkesagronom Oddvar Sandal, tlf 57 72 32 00, mobil 95 20 70 76
(24.03.2004 Oppdatert: 01.06.2007)

Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger - 57 65 50 00 - post@fmsf.no