Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Miljøfyrtårn
Miljøstatus Sogn og Fjordane
Klimaarbeid i Sogn og Fjordane
Fylkesatlas
Framtidsfylke
Frukt og Bær
Du er her: Hovudside
Hopp til menyen
Avansert

Ekstraordinært fiske etter rømt laks ved Oppedal

Internt bruk - Garnfiske - Foto: Not given - Copyright: Not given
Fylkesmannen oppfordrar yrkes- og fritidsfiskarar til å delta i fisket etter rømt laks fram til måndag 20. oktober kl. 1200.
Fylkesmannen opnar for ekstraordinært fiske etter anadrome laksefisk i sjøen med settegarn og drivgarn i tidsrommet 15.10.2003 – 20.10.2003 kl. 1200 vest for ei line frå Kyrkjebø til Fuglsbøen (i Høyanger) og aust om ei line frå Storakern (i Hyllestad) til Kråkeneset (i Solund) til Vardeneset (i Gulen).
 
Fiskeridirektoratet og Fylkesmannen oppmodar alle yrkes- og fritidsfiskarar i området til å vere med å fiske opp mest mogeleg av laksen som har rømd frå eit anlegg ved Oppedal i Gulen kommune. Fisken skal ha ei snittvekt på 4 kg og skal ha bra helsestatus. Rømminga vart meld 14.10.03. Fangsten skal meldast inn til Fylkesmannen med opplysningar om tal fisk, art og totalvekt. Minsteavstanden til vassdrag er 100 m.
 
 
(16.10.2003 Oppdatert: 01.06.2007)

Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger - 57 65 50 00 - post@fmsf.no