Direktoratet for naturforvaltning har gitt Statens Naturoppsyn oppdrag å
felle 2 jervar i Setesdal/Ryfylkeområdet. Eventuell felling må
skje innan 26. mars 2010. Vedtaket kan påklagast til
Miljøverndepartementet innan 3 veker.
Fellingsvedtaket gjeld innafor Forsand, Hjelmeland, Suldal, Bykle, Valle,
Sirdal og delar av Odda og Vinje. Statens naturoppsyn er ansvarlig for
fellinga i samsvar med instruks for uttak av vilt. Instruksen gjev høve til
verkemiddel utover det som er tilgjengeleg for jegerar, mellom anna bruk av
motoriserte framkomstmiddel.
Rogaland er del av rovviltregion 1, og har ikkje har mål om ynglande
bestand av dei store rovpattedyra. Det vil seie at omsynet til beitedyr veg
tyngre enn rovviltet. Terskelen for felling som skadeførebyggande tiltak er
difor lågare enn elles.
Spor og skade etter jerv er dokumentert i heiområda våre dei siste 2-3 åra.
I 2008 blei det utbetalt erstatning for 191 sauar og lam som tapt til jerv
i Lyseheiene. I 2009 blei 21 dyr erstatta som jervetap i Rogaland. I
februar i år er det funne spor etter jerv både i Hjelmeland, Suldal og
vestsida av Valle. Så langt er det usikkert om det er meir enn 1 dyr, sjølv
om avstanden mellom spora er lang.
Samstundes har direktoratet gitt tilsvarande oppdrag til felling av 4
jervar i Indre Sogn, som og er del av same rovviltregion.