Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Du er her: Hovudside
Hopp til menyen
Avansert

Preikestolen nasjonalpark

prekestolen - Foto: Arne J. Lyshol
Det faglege grunnlaget for oppretting av nasjonalpark på nordsida av Lysefjorden er tilstades, meiner Fylkesmannen. I vurderinga vert det understreka at lokal og regional medverknad i ein verneprosess er naudsynt.
Naturvernforbundet gjorde i 2008 framlegg om å oppretta nasjonalpark i området ved preikestolen. Arealet er på 215 km2 i Forsand, Strand og Hjelmeland kommunar. I si tilbakemelding peikar Fylkesmannen på at det aktuelle området har ei rekkje naturfaglege og andre verdiar som i sum klart kvalifiserer til status som nasjonalpark eller landskapsvernområde. Det gjeld mellom anna dokumenterte førekomstar av ulike plantar og dyr og eit heilt spesielt kvartærgeologisk fjordlandskap. I seg sjølv er det spektakulære landskapet langs Lysefjorden med mykje kulturlandskap og kulturminne verdt å ta vare på.

Eit eventuelt vern av Preikestoleområdet krev ein formell verneprosess etter Naturmangfaldlova. - Oppstart av ein slik prosess er avhengig av lokal og regional støtte og medverknad, seier fylkesmiljøvernsjef May Brit Jenssen.

Les heile Fylkesmannen si vurdering i lenkene nedafor.
(21.01.2010 Oppdatert: 22.01.2010)

Relaterte dokument
Kontaktpersonar
Hopp til menyen Hopp til innhold
Nettadresse: www.fylkesmannen.no/rogaland - E-post: postmottak@fmro.no - Tlf.: 51 56 87 00
Postadresse: Postboks 59, 4001 Stavanger - Besøksadresse: Lagårdsveien 78, Stavanger
Fakturaadresse: Fylkesmannen i Rogaland, Fakturamottak SSØ, Postboks 4104, 2307 Hamar
 Org.nr. 974763230