Ved fråver på skolen som følgje av influensa A (H1N1) er det ikkje naudsynt
med legeerklæring. I gitte høve kan ein krevje at inntil 14 dagar
fråver, ikkje blir ført på vitnemålet.
Er eleven under 18 år kan foreldra skrive ei signert melding til skolen om
sjukefråveret. Har eleven fylt 18 år er det nok med ei melding
frå eleven sjølv.
Hovudregelen er at alt fråver skal førast på vitnemålet eller
kompetansebeviset, men eleven kan krevje at inntil 14 dagar per
opplæringsår ikkje blir ført på vitnemålet eller kompetansebeviset om
fråveret skuldast gitte helsemessige årsaker.
Utdanningsdirektoratet har fått mykje spørsmål om dette akkurat no, og har
difor sendt ut brev til alle skolane om dette den 10.11.09.