Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Du er her: Hovudside
Hopp til menyen
Avansert

Bilimportørane skal samle inn bilvrak

Rogaland-Bildeler-juni06 - Foto: Not given
Frå nyttår overtok importørane ansvar for å samla inn og handsame kasserte kjøretøy. Dei må og sjå til at overgangen til det nye systemet ikkje skapar leveringsproblem for publikum. Statens forurensningstilsyn vurderer både tilbaketrekking av løyve og tvangsmulkt dersom krav til mellom anna geografisk tilgjenge ikkje vert løyst.

At bilimportørane no har fått ansvar for innsamlig av bilvrak, samsvarar med EU-direktiv om kasserte kjøretøy som blei innført i norsk regelverk i 2002. Bilbransjen har vore kjent med dette i snart fem år. Statens forurensningstilsyn (SFT) har godkjent returselskapa Autoretur AS og Bilretur AS til å stå for innsamling og vidare handsaming av kasserte kjøretøy.

Autoretur AS er stifta av bilprodusentane som i Norge er representert av bilimportørar. Dei arbeidar med å etablera sitt eige retursystem. Bilretur AS er stifta av bilopphoggarane. Dei har etablert eit retursystem basert på oppsamlingsplassar for bilvrak som eksisterer i dag. Desse mottakarane har valgt å halda stengt sidan nyttår avdi forhandlingar med bilimportørane ikkje har ført fram.

SFT fører tilsyn med at bilimportørane oppfyller krava til det nye retursystemet. Så langt har ikkje Autoretur etablert mange nok mottak. Dei oppfyller dermed ikkje krava til geografisk tilgjenge. SFT varslar no Autoretur om at dei vurderer å trekkja godkjenninga av retursystemet om dei innan 5. februar 2007 ikkje dokumenterar at dei overheld kravet til god geografisk tilgjenge. SFT varslar og at det kan vera aktuelt å fastsetja ein tvangsmulkt på fem millionar kroner som forfell hvis Autoretur ikkje overheld kravet innan 5. februar.

Den statlege panteordninga er vidareført og alle som leverar bilvrak til eit godkjent mottak for kasserte kjøretøy, vil framleis få utbetalt 1500 kroner i vrakpant frå staten. SFT vonar at bilbransjen raskt har eit velfungerande system på plass, og ber folk som har bilar dei vil kassera, venta med å levera inn bilen til det nye systemet fungerer.

(11.01.2007 Oppdatert: 30.07.2007)

Kontaktpersonar
Hopp til menyen Hopp til innhold
Nettadresse: www.fylkesmannen.no/rogaland - E-post: postmottak@fmro.no - Tlf.: 51 56 87 00
Postadresse: Postboks 59, 4001 Stavanger - Besøksadresse: Lagårdsveien 78, Stavanger
Fakturaadresse: Fylkesmannen i Rogaland, Fakturamottak SSØ, Postboks 4104, 2307 Hamar
 Org.nr. 974763230