Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Du er her: Hovudside
Hopp til menyen
Avansert

Skadefelling av gaupe i Suldal

Gaupe på snø - Foto: Asle Hjellbrekk - Copyright: For publishing contact Samfoto Photo agency
Fylkesmannen har gjeve løyve til skadefelling av 1 gaupe i området Jelsa/Erfjord i Suldal kommune. Løyvet gjeld i perioden frå 2. januar til og med 15. januar 2007.
Førekomst av gaupe i Jelsa-området har vore kjend i fleire år, men fram til i år har gaupa ikkje forårsaka skade på bufe, så langt vi veit. 27. oktober i år blei 6 lammekadaver undersøkt av Statens Naturoppsyn (SNO) på Hamra, og 17. november blei tilsvarande 5 lam undersøkt på Storli på Jelsa. I alle sakene blei dødsårsaka fastsett til gaupe. Begge dei aktuelle besetningane er av rasen villsau, og saueeigarane har etter det vi forstår ikkje høve til å sette dyra permanent i fjos over vinteren.
 
Hadde dette handla om tradisjonelt sauebruk, der besetninga blei sett inn på fjos i vinterhalvåret, ville vår vurdering truleg blitt ein annan på denne årstida. I dette høvet er det truleg ikkje mogleg for saueeigarane å ta dyra inn i hus på permanent basis for vinteren. Det er og vanskeleg å tenke seg andre effektive førebyggande tiltak enn felling. Når det er sagt er felling av gaupe svært krevjande, og særleg dersom det ikkje er sporsnø.
 
Fellingsløyvet gjeld i Erfjord og på Jelsa i Suldal kommune og er gitt til Suldal Sau- og Geitalslag, som har ansvar for administrasjon av fellinga. Det vil mellom anna seie at SSG bestemmer kven som kan nytte fellingsløyvet.
(22.12.2006 Oppdatert: 30.07.2007)

Hopp til menyen Hopp til innhold
Nettadresse: www.fylkesmannen.no/rogaland - E-post: postmottak@fmro.no - Tlf.: 51 56 87 00
Postadresse: Postboks 59, 4001 Stavanger - Besøksadresse: Lagårdsveien 78, Stavanger
Fakturaadresse: Fylkesmannen i Rogaland, Fakturamottak SSØ, Postboks 4104, 2307 Hamar
 Org.nr. 974763230