Laksefangsten i elv (48 058 kg) er den nest beste dei siste ti åra,
berre slått av rekordsesongen 2000 (52 900 kg). Også sjøfisket var
høveleg godt, sjølv om det var langt frå rekorden på 46 tonn som blei
sett i 2001.
Det var ikkje noko toppår for sjøaure, og fangsten på 3 245 kg var
godt under middelen for dei siste ti åra (4 030). Beste noterte
sjøaurefangst i Rogaland etter 1993 var 6 259 kg i 2000.
Jæren og Dalane
Med ein fangst av laks og sjøaure på 14 141 kg er det også i år
Bjerkreimselva som ligg øvst på statistikken. Deretter følgjer Figgjoelva
med 8 554 kg og Håelva med 5 408 kg. I Ogna fekk dei 3 376 kg, medan
Sokndalselva enda på 2 586 kg.
Ryfylke
I Ryfylke ligg Årdalselva på topp med ein laks- og sjøaurefangst på
3 268 kg. Deretter følgjer Vikedalselva med 2 898 kg og Suldalslågen med
1 936 kg. Det har vore bra med stor laks i år. I Årdalselva blei det tatt
heile 109 laks over 7 kg. I Suldalslågen blei det tatt på land 55 laks
over 7 kg (i tillegg blei 27 storlaks satt ut at i elva).
Høgsfjorden
Inst i Høgsfjorden ligg to vassdrag som har hatt ei spesiell
fangstutvikling dei siste åra. Frafjordelva hadde ei god fangstauke frå
under 500 kg på midten av 90-talet til godt over 1000 kg i 1999, 2000 og
2001. I år var fangsten nede på 568 kg. Samstundes med nedgangen i
Frafjordelva, har nabovassdraget Dirdalselva hatt ein formidabel
fangstauke. Fangsten her blei på heile 1 753 kg.
Tettleikane av ungfisk i Frafjordelva har vore aukande dei siste
åra. Det er derfor lite truleg at nedgangen i fangst skuldast redusert
smoltutvandring frå elva. Det kan derimot ikkje utelukkast at laksen som
hadde barndomen i Frafjord tykkjer at Dirdal er eit vel så godt
alternativ når slekta skal førast vidare.
Både Frafjord og Dirdal blei tidleg råka av forsuringa og mista
truleg dei opphavlege laksestammene ein gong på 70-talet. Frafjordelva er
blant dei nasjonale kalkingsprosjekta i fylket og blei kalka første gong
i 1993. Tettleikane av laksungar hor vore jamt aukande etter at kalkinga
tok til. Dirdalselva er ikkje kalka.
Ungfisktellingar i elva viser at laksen er på veg tilbake i Dirdal.
Som følgje av reduserte svovelutslepp, er vasskvaliteten igjen brukbar
for laksen og truleg vil vi få ei utvikling med auka laksefangstar i åra
framover. Når laksungane tek tilbake leveområde i elva, vil dei
samstundes konkurrere vekk auren. Det er derfor venta at sjøaurefangstane
i Dirdalselva vil gå ned i åra som kjem.
Fangst av laks og sjøaure fordelt på
elv