Spreiing av oska for vinden vil
også innebera at det ikkje vil vera høve til å setja namnet til avdøde
på eit gravminne, i følgje rundskriv F-037-01 frå
Kirkedepartementet. Det heiter vidare at den som
syter for gravferda ikkje er rettsleg forplikta til å gjennomføra
oskespreiinga eller søkja om oskespreiing etter ønske frå avdøde,
dersom det er i strid med vedkommandes ønske eller
overtyding.
Om kor oska kan spreiast heiter det i
odelstingsproposisjonens merknad til paragrafen m.a.:
”Som hovedregel bør askespredning kun tillates på
åpent hav og i høyfjellet.”
I samband med dette skriv Kirkedepartementet i rundskriv F-77-00 m.a.:
”En del ønsker om spredningssted fremstår slik at spredningen ønskes
gjort over et svært lite område, og i f.eks. i nærheten av familiens
hytte. Departementet viser her til lovforarbeidene hvor det legges til
grunn at det ikke vil bli gitt tillatelse i eller i nærheten av
bebyggelse. I tillegg kommer at et slikt sted lett kan få karakter av
"privat gravsted". En av intensjonene bak bestemmelsen om spredning av
aske er at asken skal spres på et slikt sted at den blir tatt opp i
naturens kretsløp, og at den senere ikke kan
gjenfinnes”.
Kirkedepartementet opnar i same
rundskriv for å
”gi tillatelse til spredning av aske i fjorder og
havområder som har umiddelbar forbindelse med åpen sjø, for eksempel
enkelte fjorder…Tillatelse til spredning bør allikevel ikke gis dersom
det er svært mye fritidstrafikk i området, eller det er strender eller
mye bebyggelse i området”.
Fylkesmannen har sett det slik at dei kriteria som
er sett for spreiing i sjø, her i fylket tilseier at ein ikkje tillet
oskespreiing i sjøen innafor ei linje Tungenes – Fjøløy – Vestre
Bokn - Skudenes og i vikar og sund langs kysten nord og sør for denne
linja.
Når det gjeld høgfjellet vil det vera avgjerande at
området ligg langt frå folk og utanfor ferdselsvegar i fjellet. Det vil
her derfor vera viktig at staden for oskespreiing blir
kartfesta.
Framgangsmåten
Søknad om løyve til oskespreiing skal sendast til
fylkesmannen i det fylket du ønskjer oska skal spreiast. I søknaden må
du opplysa om kor dette skal skje med ei nærare beskriving av staden,
gjerne vedlagt ei kartskisse.
Pårørande, eller den som skal ordna med gravferda,
kan søkja om å få spreia oska etter avdøde. Det må då kunna godtgjerast
at avdøde ynskte oskespreiing. Det er ikkje lenger noko krav om at det
skal liggja føre ei underskriven erklæring frå avdøde, men det må på
annan måte kunna forsikrast om at dette var avdødes ønske. Det må
derfor leggjast fram ei underskriven erklæring frå minst to personar om
dette.