Fylkesmannen i Oppland har i 2009 fordelt 666.000 kroner på 11 stølsprosjekt
i fylket. Oppland er med sine 411 enkeltstølar og 44 fellesstølar fordelt på
22 av totalt 26 kommunar det desidert største stølsfylket i landet.
Landbruks- og matdepartementet har øyremerka 10 millionar kroner over ein
5-årsperiode (frå 2006-2010) til gjennomføring av eit stølsprosjekt i
Oppland, Hedmark og Møre og Romsdal.
Midla skal fremme støling som kulturberar, reiselivsprodukt og merkevare for
å styrke næringsgrunnlag, sysselsetjing og bumiljø. Midla skal gå til tiltak
for å styrke gardar med aktiv stølsdrift og for å leggje til rette for
næringsutvikling i samband med støling.
11 stølsprosjekt i Oppland har fått stølsmiddel i 2009
Dei fleste prosjekta som har søkt og fått tilskott rettar seg om etablering
eller vidareutvikling av mat- og reiselivstilbod på stølen. Dette gjeld eit
samarbeid mellom seks budeier på Stølsvidda i Nord-Aurdal,
www.stolslivet.no, vidareutvikling av gards- og
stølsturismen i Valdres,
www.valdres.no, utvikling
av stølsutsal og ”stølsgris” på Brimi Sæter i Lom,
www.brimi-seter.no, utvikling av reiselivstilbod i
stølsområda i Lillehammer-regionen, utvikling av seterovernatting i
Grimsdalen i Dovre og etablering av ”Barnas sætertun” i Sør-Fron med
rideundervisning og rideturar i stølsområda. Det er også gjeve tilskot til
ysteprosjekt på stølar i Nordre Land, Øystre Slidre og Sør-Aurdal.
Andre satsingar som har fått stølsmiddel er eit kalenderprosjekt for å få
regional og nasjonal oppmerksemd kring seterkulturen og spesielt den norske
budeia og eit plateprosjekt i regi av Eli Storbekken med musikk knytt til
stølslivet.
Studietur til Austerrike og work-shop for forskarar
Fylkesmannen i Oppland arrangerte i 2009 saman med Valdres Natur- og
Kulturpark studietur til regionen Vorarlberg i Austerrike,
www.vorarlberg.at, for å lære om bygdeturisme
(gards- og stølsturisme) og vidareforedling av mjølk. På turen deltok gards-
og stølsturismevertskap i Valdres, Landbruks- og matdepartementet, Valdres
Natur- og Kulturpark, Fylkesmannen i Oppland, Valdres Destinasjon, Valdres
Næringshage og Vestre Slidre kommune.
Fylkesmannen i Oppland var også med i planlegging og gjennomføring av
Bygdeforsk i Trondheim sin work-shop i Valdres i september 2009. Her vart det
halde orienteringar om stølsdrift og tilleggsnæringar på stølen både frå
Fylkesmannen, norske og austerrikske forskarar. Det vart også gjennomført ein
studietur i stølsområda i Valdres.
Samarbeid mellom Oppland, Hedmark og Møre og Romsdal
Fylkesmannen i Oppland har teke initiativ til eit samarbeid med Hedmark og
Møre og Romsdal og dei tre fylka er m.a. i gang med å lage ein stølsrettleiar
saman med Oppdal kommune, Fylkesmennene i Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag og
Norsk Seterkultur.
Målgruppene for stølsrettleiaren er stølsbrukarar og gardbrukarar som
vurderer å starte opp med støling (målgruppe 1) og kommunane, fylkesmennene,
landbruksrådgjevinga, mattilsynets rettleiarar, TINE, produsentlag, m.fl.
(målgruppe 2). Rettleiaren blir tilgjengeleg i papirversjon og som
nettutgåve. Det vil også verta laga 8 filmsnuttar (fagfilmar) og ein
stemningsfilm.
Arbeidet med rettleiaren har ei kostnadsramme på kr 765.000. Oppland bidreg
med kr 100.000 over BU-midlane. Rettleiaren er ferdig seinast sommaren 2010.