Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Du er her: Hovedside
Hopp til menyen
Avansert

Kvotejakta på gaupe avslutta

gaupe - Foto: Not given
Årets kvotejakt på gaupe innanfor kvotejaktområdet i Møre og Romsdal er no avslutta etter at ein hanne på 13,5 kg vart felt på Krangnes i Surnadal søndag 7. februar.

Gaupa som blei felt blei observert i lag med minimum ei anna gaupe. Vi reknar med at den felte gaupa er ein unge frå den ynglinga som blei dokumentert i Surnadal i 2009.

Gaupejakta innanfor kvotejaktområdet i Møre og Romsdal er difor slutt for 2010.

Kvotejaktområdet er kommunane gamle Aure, Halsa, Surnadal, Rindal og Tingvoll samt den delen av Sunndal kommune som ligg nord for elva Driva. Elles i fylket er det kvotefri jakt på gaupe i februar og mars.

(08.02.2010 Oppdatert: 23.03.2010)

Relaterte artiklar
Kontaktpersonar
Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde,  tlf. 71 25 84 43 - postmottak@fmmr.no