Inn på tunet kan bidra til å løyse fleire av samfunnet sine utfordringar
innan skule-, oppvekst, helse og omsorg, seier landbruks- og matminister Lars
Peder Brekk.
Over hundre søknadar
Etter at Landbruks-og
matdepartementet og Kommunal-og regionaldepartementet stilte til rådvelde 18
millionar kroner, fordelt over tre år, til kommunalt utviklingsarbeid har
søknadane strøymd inn.
Samfunnsutvikling
- Inn på tunet-løftet skal
bidra til samfunnsutvikling og verdiskaping lokalt. Vi veit det er gode
effektar av desse tilboda, seier statsrådane Lars Peder Brekk og Liv Signe
Navarsete.
Bergen kommune
Bergen kommune fekk midlar til å utgreie vilkåra for eit tettare
samarbeid mellom eksisterade Inn på tunet-tilbydarar gjennom ein Inn på
tunet-ringen. Intensjonen er at vi skal jobbe for å støtte opp om
eksisterande tilbod og utvikle fleire og nye tilbod i
rusomsorg, kriminalitetsførebygging, barnehagar, skular, demensdagsenter,
barnevern, NAV og tiltak for innvandrarar mellom anna.
Kontaktperson for Bergen kommune er Arvid Tveit ved Grøn etat i Bergen
kommune.
Sveio kommune
Sveio kommune er interessant også i nasjonal samanheng. Dei skal mellom jobbe
med å utvikle butilbod for ungdom. Dette er ikkje utprøvd før i Inn på
tunet-samanheng.
Kontaktperson for Sveio kommune er Anne Grutle som er mangeårig Inn på
tunet-tilbydar.
Nye sjansar
Landbruks- og matdepartementet har opna opp for nye høve til å søkje om
Inn på tunet-løft midlar. Det vert ny søknadsfrist 1. februar 2011.
To av ti
I Hordaland har ti kommunar vore involvert
i åtte søknader. Denne gongen var det Bergen sin søknad om IPT-ring og
Sveio sin søknad som fekk midlar frå den nasjonale satsinga Inn på
tunet-løftet.
Meir informasjon finn de anten på
Inn på tunet eller
Landbruks- og matdepartementet sine nettsider.