Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Du er her: Hovudside
Hopp til menyen
Avansert

Kommunedelplan for Myrkdalen klarert hos Fylkesmannen

Voss kommune har lagt fram eit endra planforslag for kommunedelplan Myrkdalen. Den nye planen er i samsvar med meklingsresultatet mellom kommunen og Fylkesmannen, og omsynet til villrein og landskap blir no ivareteke på ein akseptabel måte.
Voss kommune kan etter dette eigengodkjenne kommunedelplanen som opnar for inntil 3400 nye fritidsbustader. 2000 av desse er lokalisert ved eksisterande senterområde for Voss Fjellandsby. Inntil 1400 einingar er fordelt på ulike felt for fritidsbustader og senterområde i området Hyrt - Mørkve - Skjervheim- Tveito. For alle senterområda gjeld at det skal vere minimum 60% "varme senger", som i praksis betyr utleige i ei eller anna form.

Fylkesmannen si motsegn omhandla i hovudsak manglande ivaretaking av verdiane knytt til villrein, landskap og vassdrag.

Omsynet til villrein er ivareteke ved at heisen nærast det sårbare trekkområdet mellom Volaflokken og Vikafjellsflokken er teke ut, og at store delar av areal som var sett av til opparbeiding av nedfartsløyper i nærområde til trekk-korridoren er teke ut. Fylkesmannen ber Voss kommune initiere eit overvakingsprogram som skal sikre villreininteressene i den vidare utbygginga i Myrkdalen slik at avbøtande tiltak kan setjast iverk straks dersom ein ser uheldige effektar for villreinstamma i området.

Ei stor utbygging som kommunedelplan Myrkdalen opnar for vil endre landskapet vesentleg. Fylkesmannen har vore sæleg kritisk til dei felta som ligg mest eksponert. I nytt framlegg til plan er øvste delane av desse felta teke ut, og det er laga føresegner som skal styre reguleringsplan slik at den tyngste utbygginga skjer lågast i dei eksponerte felta. Fylkesmannen ser at dette vert ei stor utfordring på reguleringsplannivå.

Omsynet til vassdrag er sikra gjennom føresegn om byggeforbod i ei sone på 50 meter frå vatn og vassdrag.
(28.01.2010 Oppdatert: 25.02.2010)

Relaterte dokument
Kontaktpersonar
Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Hordaland, Kaigaten 9, 5020 Bergen - 55 57 20 00 - postmottak@fmho.no, org.nr: 974760665