Forklaringa på dei reduserte laksefangstane er i hovudsak
restriksjonar som vart innført før sesongen. Ei rekke elvar fekk redusert
fisketid, og i nokre vart det innført strenge døgnkvotar for kvar
fiskar. Tysseelva i Samnanger og Ådlandsvassdraget på Stord
var stengt for fiske denne sesongen.
Det er særleg smålaksen som har svikta i elvane. Fangst av mellom- og
storlaks er omtrent som på det jamne dei siste 10 åra. Fangsten av smålaks
er det lågaste som er registrert på meir enn 15 år (sjå figur).
Figur: Fordeling av fangst av laks i Hordaland
i dei tre vektklassane tert (<
3 kg), mellomlaks (3-7 kg) og storlaks (> 7 kg) i perioden
1993 - 2008
Fangst av sjøaure har òg vorte redusert på grunn av
dei nye restriksjonane. Nesten alle sjøaureelvane fekk
redusert fisketid i 2008. Det er likevel ein klar
tendens til nedgang i fangsten av sjøaure dei fleste stader på Vestlandet
dei siste tre åra. Fangstane var på eit historisk lågmål i 2006, og var
berre 68 kilo meir i år, sjå figur. I Nordhordland, ser
dei fleste sjøaurestammane framleis ut til å vere sterke.
Figur: Utvikling i fangst av laks og sjøaure i
Hordaland i perioden 1993 – 2008.
Mykje rømt oppdrettslaks i elvane
Ein vesentleg del av fangsten av laks i elvane er rømt
oppdrettsfisk. Ut frå førebelse tal, ser det ut til det er
fanga litt mindre rømt laks i år enn i 2007. Mengdene er langt under
det som var vanleg på nittitalet, men likevel mykje for høgt til at
laksestammane kan tole det i lengda.
Sjå fangsttal for kvar elv i Hordaland i 2008 under relaterte
dokument nedanfor.