I nokre typar saker kan du få økonomisk støtte til juridisk
rådgjeving eller støtte til å føre ei sak for domstolane. Dersom
du treng fri rettshjelp, kan du kontakte Fylkesmannen eller
ein advokat.
Kva er fri rettshjelp
Fri rettshjelp er i
hovudsak advokatbistand som heilt eller delvis blir
dekt av staten. Fri rettshjelp omfattar både fritt rettsråd og
fri saksførsle. Fritt rettsråd er rettleiing og hjelp i
juridiske spørsmål utanfor rettargang. Fri sakførsle er rettshjelp i
saker som går for domstolane.
I kva saker kan du få fri rettshjelp
Døme på
saker der du kan få fri rettshjelp er familiesaker, nokre
klagesaker til Nav, erstatning for personskade, oppseiing
av/ utkasting frå bustad eller oppseiing/avskil i
arbeidsforhold. Du kan også få fri rettshjelp dersom du søkjer om
valdsoffererstatning. I andre saker kan du unntaksvis få fri
rettshjelp etter ei konkret vurdering. Dersom du har forsikring
som dekkjer utgiftene til juridisk bistand, vil du som regel
ikkje få fri rettshjelp.
Inntekts- og formuegrenser
For å få fri
rettshjelp må du ha ei inntekt som ligg under inntektsgrensene
fastsett i rettshjelpslova. Fylkesmannen og domstolane kan i enkelte
tilfelle gjere unntak frå reglane i inntekts- og formuegrensene.
Uavhengig av inntekt og formue kan ein få
fri rettshjelp:
-i barnevernssaker for Fylkesnemnda for sosiale
saker
-i saker for Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern
-i saker om militærnekting, saker om kvinnemishandling
-i saker om tvangsekteskap
-i saker der ein som valdsoffer krev erstatning av
gjerningsmannen
-i saker om erstatning for uberettiga
straffeforfølging
-for å vurdere å melde ei valdtektssak til politiet
-for å vurdere å melde ei sak om menneskehandel til
politiet
Eigendel
Dersom du får
behovsprøvd fri rettshjelp, må du betale ein eigendel av
bistanden. Det er ingen eigendel i saker der fri rettshjelp
blir gitt uavhengig av inntekt og formue. Viss du har ei årleg
bruttoinntekt under 100 000 kroner, skal du ikkje betale eigendel.
I saker med fritt rettsråd er eigendelen èin gong den
offentlege salærsatsen (som per januar 2012 er 925 kroner). I fri
sakførsel-saker utgjer eigendelen 25 % av utgiftene, avgrensa
oppover til fem gongar salærsatsen. Du betalar
ikkje meirverdiavgift av eigendelen. Eigendelen blir
kravd inn av advokaten.
Søkje fri rettshjelp
Ta kontakt med ein advokat eller Fylkesmannen dersom du treng
fri rettshjelp. Søknaden om fri rettshjelp må innehalde
opplysningar om kva saka gjeld. I tillegg må du dokumentere kva
inntekta og formuen din er. Bruk helst eigenerklæringsskjemaet
som du finn lenkje til nedanfor.