Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Hopp til menyen
Avansert

Felles handlingsplan for økologisk landbruk for Hordaland og Sogn og Fjordane

Geiter i Underdal - Foto: AK Marstein - Copyright: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Regjerninga har sett seg som mål at forbruk og produksjon av økologisk mat skal vere 15 % av total produksjon. Vi ligg i dag på 3 %, så utfordringane er store.
Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har laga ein felles handlingsplan for økologisk landbruk for 2006 – 2009. Planen er laga i nært samarbeid med økologisk fagskule, økologisk faglag, økologiske forsøksringar, bedrifter som ynskjer å auke sitt sal av økologiske matvarer og økologiske pilotprosjekt i våre to fylke. I perioden 2002 – 2005 hadde vi kvar våre handlingsplanar, men vi finn at det er mest føremålstenleg å lage ein felles plan for våre to fylke.
 
Vi har ulike utfordringar knytt til ulike produktgrupper og deler desse i tre; grovfórbasert kjøtproduksjon, mjølk og frukt og grønt. Hovudutfordringa i kommande planperiode vert å få til samhandling og samarbeid gjennom heile verdikjeda og innan kvar produktgruppe og å setje i verk tiltak mot flaskehalsane i verdikjeda.
 
Det er heilt avgjerande at utøvarane i næringa sjølv ynskjer å utvikle landbruket i økologisk lei dersom vi skal lukkast. Dette gjeld alle ledd i verdikjeda frå produksjon, foredling og til omsetning. Motivasjonen for å produsere økologisk står i samanheng med økonomiske rammer for økologisk landbruk. Dette må vi jobbe for å betre i planperioden.
 
Vi registrerer ei aukande interesse for økologisk landbruk, i første omgang blant forbrukarar og hjå styresmaktene. Butikkane sel stadig meir økologiske matvarer. Trendy ungdomsmiljø marknadsfører økologisk mat på snowboard-konkurransar og musikkfestivalar, og kjendiskokkar bruker økologiske matvare så snart dei får tak i dei. Regjeringa har eit ambisiøst mål om 15 % forbruk og produksjon av økologiske matvarer i 2015, til samanlikning ligg vi i dag på kring 3 %. For norsk landbruk vil det vere ei ulukke om vi i 2015 har nådd målet om 15 % forbruk, men framleis ligg på 3 % norsk produksjon - då har auka matimport erstatta resten. Her ligg både ei utfordring og eit inntektspotensiale for heile landbruket - frå jord til bord.
 
Vi ynskjer å oppretthelde eit småskala landbruk med eit levande kulturlandskap som ein del av ei total oppleving av mat, natur og kultur for både fastbuande og turistar. Regelverk og økonomiske støtteordningar i landbruket må tilpassast dei ambisiøse måla for denne visjonen, ikkje minst ei utfordring for dei som definerte målsetjinga om 15 %. Men det handlar også om dei mange små steg i rett retning, og om ein tankegang basert på naturgrunnlag og tru på at vi forvaltar noko av det gjævaste verda kan by på.
 
Kontaktpersonar hos Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane:
   Toril M. Mulen (tlf. 55572160, e-post toril.mulen@fmho.no )
   Ole-Per Schei (tlf. 57723216, e-post ops@fmsf.no )
(19.04.2006 Oppdatert: 01.06.2007)

Relaterte dokument
Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger - 57 65 50 00 - post@fmsf.no