Bergen tingrett har heva saka om den ulovleg oppførte hytta på Kobbholmen.
(08.05.2012)
Les meir
Kaia til Norges Miljøforbund framfor Ludeboden i Skuteviken må fjernast. Det
er konklusjonen etter at Fylkesmannen har stadfesta Bergen kommune sitt
pålegg om fjerning.
(04.05.2012)
Les meir
Fylkesmannen har gjeve 150 000 kr. til interkommunalt samarbeid mellom Askøy,
Fjell, Sund og Øygarden mot ulovleg bygging. Eit hovudfokus vert tilsyn med
føretak.
(03.05.2012)
Les meir
Fylkesmannen støtta Bergen kommune i å seie nei til etterfølgjande
godkjenning av platting i betong mellom to naust. Sivilombodsmannen har ikkje
funne grunn til å kritisere avslaget.
(03.05.2012)
Les meir
Bergen kommune kartlegg heile strandsona i Bergen, og skal følgje opp
ulovlege tiltak og ulovleg bruk. Fylkesmannen har tildelt kommunen ein halv
million i skjønnsmidlar for arbeidet i 2012.
(23.04.2012 Oppdatert: 24.04.2012)
Les meir
Frå tid til anna ser Fylkesmannen at gebyra i plan- og byggjesaker kjem i
strid med reglane om sjølvkost. No skal Kommunal- og regionaldepartementet
revidere reglane.
(10.04.2012)
Les meir
Fylkesmannen sitt Prosjekt ulovlege byggjetiltak er no sluttført. Vi vil
likevel halde fram med nettstaden www.fmho.no/ulovleg
(30.03.2012)
Les meir
Kommunestyret i Austevoll har samrøystes vedteke nye rutinar for korleis dei
skal følgje opp ulovleg bygging i kommunen.
(22.03.2012)
Les meir
Vestlundveien 22 D vert for tida leigd ut som bustader. Fylkesmannen har no
stadfesta kommunen sitt pålegg om å halde opp med utleigeverksemda.
(09.03.2012 Oppdatert: 13.03.2012)
Les meir
Bømlo kommunen kravde både eit eingongsbeløp og ein timesats ved handsaminga
av to ulovlege byggjesaker. Fylkesmannen meiner dette ber preg av
dobbeltfakturering, og oppheva to likelydande vedtak.
(02.03.2012)
Les meir