På same måte som du får eit varsel frå banken din når det er ei rekning til
deg, kan du få varsel på epost eller sms om at det ligg eit brev til deg
frå kommunen.
Bakgrunn for prosjektet
Hornindal kommune har i
fleire år vore aktiv pådrivar for bruk av elektroniske tenester, både
internt i kommunen og til innbyggarane våre. Eit resultat av satsinga er
at kommunen på fleire område har dei mest aktive innbyggarane i bruk av
elektroniske tenester på nett.
Elektroniske tenester på nett har vist at det er
stort behov for ein sikker tovegs kommunikasjon med innbyggarane våre
dersom vi skal oppnå rasjonaliseringsvinst. Kommunen ville difor etablere
ei elektronisk netteneste som alternativ til dagens manuelle postgang.
Løysninga skal garantere for at innbyggarane på ein sikker måte kan
autentiserast, gjennomføre elektronisk meldings- og dokumentutveksling og
få tilgang til relevant informasjon innafor ei sikker sone. Prosjektet er
også pilot for Nordfjordkommunane.
Gjennomføring
Kommunen innleia tidleg samarbeid med tre private
aktørar: Acos (dokumenthandtering og søknadsenter), BBS (BankID,
elektronisk signatur og arkiv) og Sparebanken Sogn og Fjordane
(brukarstad). Prosjektet vart støtta av fylkesmannen, noko som var
avgjerande for gjennomføringa.
Det vart utarbeidd funksjonalitetskrav og forslag til
skjermbileter, der brukarvenlegheit og tryggleik stod i fokus.
Utgangspunktet var at løysninga for brukarane skulle vere rimleg lik
nettbank, sidan dette er ei teneste mange nyttar. Vi la også opp til at
same brikke kunne nyttast til autentisering, slik at brukarane kunne
tinge alt gjennom sin bankforbindelse. I avtalen ligg også at Nasjonal-ID
(eller tilsvarande ”statleg” autentisering) kan nyttast når den vert
tilgjengleg.
Gjennom eitt års utprøving har vi kome fram til ei
god løysning, som no fungerar veldig godt saman med dei interne systema
våre. For å bruke tenesta treng du BankID (kodebrikke) for å logge deg
inn. Dei fleste bankar tilbyr BankID no, m.a. Sparebanken Sogn og
Fjordane, DnB NOR, Nordea og Sparebanken Vest.
Nettpost har mange fordelar:
- du kan
kontakte kommunen når du måtte ønskje, uavhengig av tid og stad
- kommunen
får førespurnaden din raskare
- du kan
få raskare svar (sparer postgang)
- du og
kommunen sparer papir, porto og tid
- du får
eit sikkert elektronisk arkiv på nettet der all korrespondanse med
kommunen er samla
- sensitiv
informasjon vert gjort tilgjengeleg på ei nettside kun for rette
vedkomande
Vegen vidare
Nettpost har vore under utprøving siste året, og skal
lanserast fullt ut medio mai 2008. I løpet av andre halvår 2008 vil
fleire av Nordfjord-kommunane følgje etter. Leverandøravtalene innheld
både tilslutningsdel for dei andre kommunane og avtale for
transaksjonskostnader.
Kontaktpersonar: