Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Miljøstatus Sogn og Fjordane
Klimaarbeid i Sogn og Fjordane
Du er her: Miljøvern
Hopp til menyen
Avansert

Fylkesmannen aksepterer vindkraft på Lutelandet

Illustrasjonsfoto - Foto: Mari-Lise Sjong, Direktoratet for naturforvaltning
I fråsegn til søknad om etablering av vindkraftanlegg på Lutelandet, aksepterer Fylkesmannen planane med visse atterhald. Fylkesmannen legg vekt på at Lutelandet er lagt ut til industri i kommuneplanen.

Vestavind kraft as har søkt Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om konsesjon for bygging av eit vindkraftanlegg med 10 eller 19 vindmøller på ytre delar av øya Lutelandet i Fjaler (Lutelandet energipark).

Utbygging av vindkraft i eit omfang som i dei omsøkte planane på Lutelandet vil vere i tråd med nasjonal klima- og energipolitikk. Fylkesmannen vurderer at den omsøkte vindparken på Lutelandet vil ha negative verknader på landskap, naturmiljø og verneinteresser. Lutelandet er likevel lagt ut til industri i gjeldande kommuneplan, og dette legg viktige føringar for reguleringsplanar og konsesjonssøknadar som er i tråd med avklart overordna arealbruk.

Fylkesmannen har i fråsegn til NVE ikkje rådd i frå at det vert gitt konsesjon til Lutelandet energipark. Tilsvarande har vi i innspel til reguleringsplanen for Lutelandet energipark ikkje gått til motsegn mot regulering til formål vindkraft. Vi har derimot tatt nokre atterhald om utforminga av vindkraftanlegget. M.a. går vi av omsyn til fuglelivet og marine førekomstar i mot reguleringa av holmane Brattholmane og Øyatåholmane utanfor Lutelandet til område for vindkraft.

Det er NVE som avgjer konsesjonssaka når eventuelt reguleringsplanen er godkjent av kommunen som planstyresmakt.

(11.09.2009)

Relaterte dokument
Kontaktpersonar
Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger - 57 65 50 00 - post@fmsf.no