Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Miljøstatus Sogn og Fjordane
Klimaarbeid i Sogn og Fjordane
Du er her: Miljøvern
Hopp til menyen
Avansert

Fisk på rømmen i Sognefjorden

Oppdrettslaks - Foto: Miljøvernavdelinga, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - Copyright: Not given
Fylkesmannen oppmodar til fiske etter at det er meldt at om lag 1000 laks har rømt frå eit matfiskanlegg ved Oppedal i Gulen. Fisken har ei snittvekt på 1,1 kg og er opplyst å ha god helsetilstand.
Fylkesmannen er uroa over at det nok ein gong har rømd fisk og oppmodar om aktiv oppfisking for å avgrense skaden på dei ville laksebestandane. Yrkes- og fritidsfiskarar har høve til å fiske etter den rømte fisken etter gjeldande fiskereglar.
 
Rømminga skjedde i siste halvdel av oktober, og rømlingane er no truleg godt spreidde. Få gjenfangstar til no ved anlegget stadfestar dette. Det blir ikkje organisert noko ekstraordinær oppfisking utover å oppmode til fiske innanfor gjeldande reglar.
 
Vi minner om minsteavstanden til lakse- og sjøaurevassdrag på 100 meter, og at det ikkje er tillate å fiske nærmare enn 100 meter frå oppdrettsanlegget. Det er ønskjeleg at fangstar frå denne rømminga blir meld til Fylkesmannen.
 
Lenker til informasjon om rømd fisk og fiskereglar:
(09.11.2006 Oppdatert: 01.06.2007)

Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger - 57 65 50 00 - post@fmsf.no