Fylkesmannen har fastsett ny forskrift om fiske etter laks og sjøaure i
vassdrag. I mange elvar er fisketid korta inn. I Vikedalselva,
Rødneelva, Åmselva, Nordelva og Storelva er fisket stengt dei neste fem åra.
Den norsk-atlantiske laksestammen er sterkt trua, mellom anna på grunn av
store mengder lakselus i Ryfylkebassenget.
Forskrifta gjeld for Rogaland fylke og fastset kor og når det er lov å fiske
etter laks og sjøaure i vassdrag. Den har òg reglar om personleg døgnkvote,
kroking av fisk, fiske av vinterstøing og fiske etter innlandsfisk i vatn med
laks eller sjøaure. For enkelte elvar gjeld særlege fiskereglar og/eller
fredingssoner. Desse er samla i kapittel 2.
For fredingssoner i sjøen, sjå ”Forskrift om fredingssoner og nedsenking av
garn i sjø”,
Fylkesmannen i Rogaland 29. april 2004.
Fiskereglar og fisketider for fangst av anadrome laksefisk blir gitt med
heimel i lakse- og
innlandsfisklova etter retningsliner frå Direktoratet for naturforvaltning
(DN). Forskrift om
fiske i sjøen blir fastsett av direktoratet, medan fylkesmannen har
hovudansvaret for å
utarbeide reglar for fiske i vassdrag. Lakse- og innlandsfiskloven har som
formål å sikre at
naturlege bestandar av anadrom laksefisk, innlandsfisk og deira leveområder
vert forvalta slik
at mangfaldet og produksjonstilhøva vert teke vare på.
Fylkesmannen skal bruke fisketid som
hovudvirkemiddel ved regulering av fisket. I vassdrag med tilfredsstillande
lokal organisering kan framlegg til fiskereglar lagast lokalt. Fylkesmannen
skal berre endre rettshavarane sitt framlegg til fiskereglar dersom dei er
i strid med målsetjingar eller retningslinjer gitt av DN.
Les heile forskrifta og Fylkesmannen sine vurderingar i lenkene
nedanfor.