Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Du er her: Miljøvern : Fisk
Hopp til menyen
Avansert

Innstramming i fisket etter laks og aure?

Laks fra Espedal - Foto: Trond Erik Børresen - Copyright: Trond Erik Børresen
I løpet av vinteren skal det fastsetjast nye reglar for fiske etter laks og sjøaure i elvane og i sjøen. Fiskarar, elveeigarlag, kommunar og andre vert inviterte til å kome med råd. Det kan verte innstramingar i fisket for å beskytte svake bestandar av villaks og sjøaure.

Dei nye fiskereglane skal gjelde for perioden 2010-2014. Det er Direktoratet for naturforvaltning (DN) som fastset reglane for sjøfisket. Fylkesmannen fastset reglar for elvefisket etter retningsliner utarbeidd av DN. Gjennom St.prp. nr 32 (2006-2007) om vern av villaks og nasjonale laksevassdrag, har Regjeringa lagt føringar for regulering av fisket. Eit hovudmål både for sjøfiske og elvefiske er ikkje å fiske hardare enn at det er tilstrekkeleg med gytefisk i alle vassdrag.

Lokal organisering
I vassdrag der rettshavarane er godt organiserte og forvaltar lakse- og sjøaurebestandane på ein god måte, er det ønskjeleg at framlegg til reguleringar vert utarbeidde lokalt. I vassdrag der det ikkje er god nok lokal forvaltning, skal Fylkesmannen som hovudregel bruke fisketid som verkemiddel i reguleringane. Fylkesmannen kan ikkje opne for fiske i elvar der pålagt fangstrapportering ikkje er oppfylt.

Arbeidet med nye fiskereglar - timeplan:

  • Orienteringsmøte på Statens Hus, Lagårdsveien 78, Stavanger mandag 26. oktober 2009 kl. 19-2100.
  • Innan 15. november 2009 skal Fylkesmannen oversende framlegg til DN om regulering av sjøfisket. Framlegg skal på førehand vere drøfta i fagrådet for anadrom laksefisk som er samansett av representantar frå kommunane, elveeigarane, sjølaksefiskarane og NJFF Rogaland.
  • Innan 1. desember 2009 skal Fylkesmannen sende framlegg til forskrift om fiske i vassdraga på høyring. Ny forskrift skal fastsetjast innan 15. februar 2010.
  • Innan 1. desember skal DN sende framlegg til forskrift om fisketider i sjø på høyring. Ny forskrift skal fastsetjast innan 1. mars 2010.
(12.10.2009)

Relaterte dokument
Relaterte lenkjer
Kontaktpersonar
Hopp til menyen Hopp til innhold
Nettadresse: www.fylkesmannen.no/rogaland - E-post: postmottak@fmro.no - Tlf.: 51 56 87 00
Postadresse: Postboks 59, 4001 Stavanger - Besøksadresse: Lagårdsveien 78, Stavanger
Fakturaadresse: Fylkesmannen i Rogaland, Fakturamottak SSØ, Postboks 4104, 2307 Hamar
 Org.nr. 974763230