Ryfylke
I Ryfylket starta sesongen godt med tidleg oppgang av
mellom- og storlaks. Mykje snø i fjellet sikra god vassføring og godt
fiske i fleire elvar. Varmen og finvêret frå midten av juli gav dårlegare
fiskeforhold siste del av sesongen. Espedalselva og Dirdalselva
fortsetter den gode utviklinga frå i fjor med ein totalfangst på høvesvis
3 208 kg og 2 376 kg. Suldalslågen hadde også ein brukbar
sesong med ein total fangst på 2 753 kg laks og sjøaure. Årdalselva
hadde derimot ein særs dårleg sesong med ein fangst på berre 1 346
kg laks og sjøaure.
Dalane
Bjerkreimselva har hatt ein særs positiv utvikling
etter at kalkinga av vassdraget tok til i 1996, og er i dag det
vassdraget i fylket med klart høgast fangst. I 2008 ble det tatt opp
heile 13,2 tonn laks og sjøaure i Bjerkreimselva. I Sokndalselva har ein
også hatt ein god fangstutvikling etter kalking og i år ble det fanga
2 525 kg laks og sjøaure i dette vassdraget.
|
|
Jæren
Fleire av Jærelvane hadde ein heller
skral sesong. Seint innsig, lita vassføring (har ikkje
smeltevatten) og varmt vatten i elvane kan sannsynlegvis
forklare ein del av den låge fangsten. Særleg ringt var det i
Figgjoelva, som med sine 2,5 tonn har hatt den dårlegaste
sesongen sidan 2002. Til samanlikning er gjennomsnittleg
fangst dei siste ti åra i overkant av 6,5 tonn. Med ein
totalfangst på litt over 3 tonn var det noko betre i Håelva,
men også her var fangsten godt under gjennomsnittet (4,3 tonn
1999-2008). I Ogna hadde ein derimot ein brukbar sesong med
ein fangst på 3,1 tonn.
Foto: Roy Mangersnes
|
Den totale sjøaurefangsten i elvane var i 2008 på bare
932 kg. Dette er den lågaste fangsten som er registrert av sjøaure sidan
sjøaure ble inkludert som ein eigen parameter tidleg på 1990-tallet.
Tilbakeganen av sjøauren skuldast truleg ein kombinasjon av fleire faktorar
som til dømes lakselus og dårlege næringstilhøve i fjordane.