Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Du er her: Miljøvern : Fisk
Hopp til menyen
Avansert

Fisketider 2008-2012

laksefiskar_ikon - Foto: Not given
Det er fastsett ny forskrift om fiske i vassdrag med laks og aure i Rogaland for dei neste fem åra. Av omsyn til ein truga laksestamme er fisketidene innkorta i mange vassdrag. Dersom utviklinga i fem-årsperioden vert negativ, må ein pårekne ytterlegare innskjerpingar.
Framlegg til nye fisketider og fiskereglar har vore på høyring frå 4. desember 2007 til 15. januar 2008. Det er kome inn meir enn 30 skriftlege fråsegner. I tillegg har Fylkesmannen motteke mange telefonar og andre innspel før endeleg fastsetjing av forskrift.
 
Målsetjinga med fiskereglane er å sikre dei einskilde lakse- og sjøaure-bestandane i eit langt tidsperspektiv. Samstundes skal laksen sine leveområde forvaltast slik at naturen sitt mangfald og produktivitet vert bevart. I samsvar med internasjonal praksis skal ei føre-var tilnærming leggjast til grunn for lakseforvaltninga.
 
Dei nye fiskereglane inneber eit noko lågare fangsttrykk i mange vassdrag. Det er likevel svært gode mulegheiter å fiske laks og sjøaure i Rogaland dei næraste åra.
 
 
(22.02.2008 Oppdatert: 28.07.2008)

Relaterte dokument
Kontaktpersonar
Hopp til menyen Hopp til innhold
Nettadresse: www.fylkesmannen.no/rogaland - E-post: postmottak@fmro.no - Tlf.: 51 56 87 00
Postadresse: Postboks 59, 4001 Stavanger - Besøksadresse: Lagårdsveien 78, Stavanger
Fakturaadresse: Fylkesmannen i Rogaland, Fakturamottak SSØ, Postboks 4104, 2307 Hamar
 Org.nr. 974763230