På oppdrag frå Statens Landbruksforvaltning og
avtalepartane i jordbruksoppgjeret, har Fylkesmannen saman med Rogaland
Bondelag, Rogaland Bonde- og småbrukarlag, Forsøksringen, miljø- og
kulturminneforvaltninga og representantar for kommunane revidert
regionalt miljøprogram.
Nye ordningar i Regionalt miljøprogram for 2009 –
2012 er:
-
Tilskot til fuglerike biotopar. Det er plukka ut
enkelte avgrensa område som omfattar strandline i våtmarksreservat og
ugjødsla lynghei og naturbeitemark som grensar inn mot reservat. For å
redusere avrenning og tryggje/heve det biologiske mangfaldet i desse
områda, vert det gitt tilskot for at områda vert beita, men ikkje
gjødsla.
-
Tilskot til drift av jordbruksareal på bruka
Litlehamar, Klungtveit, Mokleiv, Lali og
Hamrabø i Suldal. Bakgrunnen for dette er at desse
bruka har store kulturlandskapskvalitetar, både biologiske og
kulturhistoriske verdiar. I tilegg er areala tungdrivne.
-
Tilskot til parkeringsplassar som ligg i tilknyting
til turstiar som får tilskot gjennom Regionalt miljøprogram.
Parkeringsplassane skal ha plass til minst 4 bilar.
Justering av eksisterande ordningar:
-
Badeplassar som ligg i tilknyting til innmark og er
ei naturleg forlenging av ein tursti, kan reknast inn som ein del av
turstien. Tilskotet vert utrekna pr meter. Det vil ikkje verte tilskot
til offentlege badeplassar.
-
I tillegg er det gjort endringar av førebels
tilskotssats for enkelte ordningar.
Ordningar som er tatt ut:
-
Det vert ikkje gitt tilskot til fangvekst i korn.
Ordninga gjeld no berre fangvekst i tidlegkulturar som grønsak og
potet.
-
Tilskot til ”Avfallshandtering og velstelte bruk”
er tatt ut. Bakgrunnen for dette er at SLF og avtalepartane i den
sentrale godkjenninga meinte at denne ordninga i for stor grad bar preg
av å vere eit generelt stimuleringstilskot.
Det vert utarbeidd nyforskrift som vil bli sendt på høyring til
kommunane og faglaga med det første.
Gardbrukarane i Rogaland vil få tilsendt informasjonsbrosjyre og
søknadsskjema for Regionalt miljøprogram i løpet av august.
Les meir: