Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Hopp til menyen
Avansert

Nesten 9 av 10 innsette under 25 år har ikkje fullført vidaregåande opplæring

Dette viser ei ny kartlegging av innsette sin utdanningsbakgrunn som blei gjennomført våren 2009. Dette er også urovekkjande tal i høve til fråfallsproblematikken i vidaregåande skole.

Elles viser rapporten at:

  • Litt over ein av 10 innsette har ikkje hatt arbeid
  • Seks av ti innsette som har hatt arbeid, har hatt ufaglært arbeid
  • Ein av tre innsette har inga vidaregåande opplæring eller tilsvarande
  • Ein av ti innsette har ikkje fullført grunnskole
  • Nær halvdelen av dei innsette tek utdanning eller kurs i fengsel

Rapporten Innsette i norske fengsel: Kompetanse gjennom utdanning og arbeid får vidare fram at elevane er godt nøgde med utdanninga i fengslet. Rapporten omfattar innsette over 18 år i alle norske fengsel. Det er ei oppfølging av to landsomfattande undersøkingar i 2004 og 2006.

Dei siste åra har regjeringa satsa på utdanning i fengsel. Alle fengsel som skal ha skole, har i dag fått det. Regjeringa har også understreka at opplæring for innsette er viktig, jf St.meld.nr.37 (2007-2008) Straff som virker – mindre kriminalitet – tryggere samfunn der det mellom anna er lagt stor vekt på Tilbakeføringsgarantien.

Undersøkinga er gjennomført av fagsjef Ole-Johan Eikeland, Eikeland forsking og undervisning, og professorane Terje Manger og Arve Asbjørnsen, Forskingsgruppa for kognisjon og læring, Universitetet i Bergen, etter oppdrag frå Fylkesmannen i Hordaland, som er delegert det nasjonale ansvaret for opplæring innanfor kriminalomsorga. Denne rapporten er ei oppfølging av St.meld.nr.27 (2004-2005) Om opplæringen innenfor kriminalomsorgen ”Enda en vår”. Det var den første stortingsmeldinga i Europa om fengselsundervisning.

(09.02.2010)

Relaterte dokument
Kontaktpersonar
Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Hordaland, Kaigaten 9, 5020 Bergen - 55 57 20 00 - postmottak@fmho.no, org.nr: 974760665