Tvangsernæring
Helse- og omsorgsdepartementet har opna for at
tvangsernæring ved alvorlege spiseforstyrringar blir tillete som
behandlingstiltak i psykiatrien. Avgjerda er basert på at
helsepersonell i enkelte tilfelle kan sjå på pasientens
kroppsoppfatning, sjølvbilde og røyndomsoppfatning som så avvikande at
hovudvilkåret om alvorleg sinnsliding er oppfylt.
Skjerming
Regelverksendringane inneber også nye grenser for
bruk av skjerming som tiltak i psykiatrien. Skjerming inneber at
pasienten blir halden heilt eller delvis vekke frå andre pasientar og
personell som ikkje er involvert i behandlinga. Dei nye føresegnene
inneber ei strengare regulering av dette tiltaket, mellom anna ved
kortare fristar for når vedtak skal treffast og for kor lenge slike
vedtak kan vare. Det har og kome ei ny forskrift om skjerming.
Overføring frå frivillig til tvunge psykisk
helsevern
Dei nye reglane rokkar ved det absolutte
konverteringsforbodet. Konverteringsforbodet har vore pasientens
garanti mot å bli utsett for tvangsinnlegging der dei sjølve har
oppsøkt psykiatrien for å få hjelp. Endringane inneber at pasientar i
nødstilfelle vil kunne overførast direkte frå frivillig til tvunge
psykisk helsevern. Konverteringsforbodets absolutte karakter har ført
til uverdige situasjonar for pasientane og har ikkje teke godt nok vare
på rettstryggleiken til pasienten.
Tutorordninga
Tutorordninga er endra. Tidlegare var det eit krav
ved etablering av tvungen undersøking, tvungen observasjon eller
etablering av tvunge psykisk helsevern at det låg føre krav om dette
frå offentlege styresmakter eller frå pasienten sine næraste – ofte
omtalte som tutor. Kravet om tutor er no fjerna som eit absolutt
vilkår. Endringa må sjåast i samanheng med at det samstundes blir
innført ei varslings- og bistandsplikt for offentlege styresmakter. I
tilfelle der offentleg styresmakt set fram krav, vil dei få klagerett
på same måte som etter dagens regelverk.
Like rettar innan psykiatri og
somatikk
Endringane i lovverket inneber også større likskap
i pasientrettane for pasientar med psykisk sjukdom og pasientar i
somatikken. Dette gjeld mellom anna på område som individuell plan,
rett til sjukehusval og spørsmål om næraste pårørande. Det er
framleis enkelte særreglar på nokre pasientrettsområde.
Dette er nokre av endringane som er vedtekne. I dei
relaterte dokumenta nedanfor, finn du alle dei aktuelle
endringane.