Fiskereglar 2010-2014
Elvefisket vert innskrenka i Møre og Romsdal dei komande fem åra.
Reguleringane skal styrke bestandane av anadrom fisk. Det er teke spesielle
omsyn til sjøaure.
Den nye forskrifta av 15.02.2010 er eit produkt av ei lang saksutgreiing med
mange aktørar. Direktoratet for naturforvaltning har gjeve retningslinene for
arbeidet.
Målet med forskrifta er å redusere fangsten av villaks og sjøaure. Dette skal
skje gjennom ulik avkorting av sesongen ved tidlegare stopp i fiske,
nattfreding og reiskapsavgrensing.
Forskrifta inneheld same startdato 01.06., men avvik i sluttdato. Dette gjer
reglane meir oversiktlege og lettare å halde seg til. Endringa med tidlegare
start og stopp i fisket er tufta på røynslene frå 2003 til i dag då
sesongstart var i midten av juni med stopp seint på sommaren. Forskyving av
fiskesesongen fram i tid gjev bestandane tidlegare ro på seinsommaren og fram
mot gyting.
Nattfreding og forbod mot markfiske gjeld i vassdrag med lakseparasitten
G. salaris og er tiltak fyrst og fremst knytt til sjøaure. Begge
tiltaka vil verne verdfull fisk, store som små, ved å redusere
fangsteffektivitet av vaksen fisk og i tillegg vere tiltak som har positiv
effekt i å spare ungfisk. Ungfisk i gyro-vassdrag er nesten eine og aleine
aure.
Den nye forskrifta er å sjå på som ei ytre ramme. Elveeigarlag o.l. kan
sjølve innføre sjølvpålagde restriksjonar innafor den ramma som fylkesmannen
her gir.
(16.02.2010 Oppdatert: 02.06.2010)