Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Hopp til menyen
Avansert

Forvaltingsplan for Yddal og Geitaknottane naturreservat

Storsalamander i leikdrakt. Foto: Jan Rabben © - Copyright: Foto: Jan Rabben ©
Fylkesmannen startar arbeidet med forvaltingsplan for Yddal og Geitaknottane naturreservat. Desse verneområda er blant dei viktigaste vi har i fylket og husar fleire sårbare og trua artar. Grunneigarar og andre interesserte vert inviterte til ope informasjonsmøte i Sævareid og Hatlestrand 20. og 21. april.
To naturreservat – felles forvaltingsplan
Storparten av Yddal naturreservat ligg i Fusa kommune, resten i Kvam. Geitaknottane har det meste av arealet i Kvam og Kvinnherad kommunar og ein mindre del i Fusa. Fordi naturreservata grensar til kvarandre og har nær identiske vernereglar, ønskjer fylkesmannen å utarbeide ein felles plan.

Store naturkvalitetar
Yddal er verna mellom anna fordi det utgjer eit av dei siste store naturprega barskogområda i Vest-Noreg som er lite påverka av skogsdrift i nyare tid. Geitaknottane står og i ei særstilling, ettersom vi finn den største førekomsten i Noreg av den trua storsalamanderen her. Denne populasjonen er truleg også den største i verda, og dette gir oss eit særleg stort forvaltaransvar. Geitaknottane er det første område som er verna med føremål å sikre levestader for amfibiar i Noreg.

Framtidsretta og meir presis forvalting
Ein forvaltingsplan skal skildre generell tilstanden i reservatet, utfordringar og mogleg trugsmål mot verneverdiane. Her er det også naturleg å gje retningsliner for skjøtsel, eventuell tilrettelegging for ferdsel og informasjonstiltak. Ein sentral del av forvaltingsplanen vert også å utvikle bevaringsmål for artar og naturtypar, og etablere eit overvakingsregime for desse. Bevaringsmåla kan til dømes gjelde mål på kor stor bestanden av storsalamander eller andre artar bør vere.

Planen vil vera rettleiande og utfyllande i høve til dei eksisterande vernereglane, og vil ikkje gje nye avgrensingar til grunneigarane. Det er fylkesmannen som har forvaltingsansvaret for område verna etter naturvernlova, og det er miljøvernavdelinga ved fylkesmannen som skal utarbeide forvaltingsplanen.
 
Parti med eldre barskog i Yddal naturreservat. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
 
 
Parti med eldre furuskog i Yddal natureservat. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©. Storsalamander i leikdrakt på bilete ovanfor. Foto: Jan Rabben ©.
 
Naturen skal få styre seg sjølv
Utviklinga i Yddal og Geitaknottane skal i fylgje verneforskrifta gå på naturen sine eigne premissar. Her vil småskala endringar som skjer, slik som rotvelter, vindfall, flaum, og eventuelle ras, vera med å skape variasjon og nye naturlege levestadar for ulike artar. Desse dynamiske prosessane er ein viktig del av verneverdiane. Dette gjer at områda i størst mogleg grad skal ha eit naturleg preg, og eventuell tilrettelegging for ferdsle må gjerast med stor varsemd.

Invitasjon til informasjonsmøte
Grunneigarar og andre interesserte vert inviterte til ope informasjonsmøte både i Fusa og Kvinnherad om planarbeidet.

  • Dag 1: 20. april, kl 19.00 i ungdomshuset ”Breidablikk” i Sævareid.
  • Dag 2: 21. april, kl 19.00 på Hatlestrand skule.

Påmelding på e-post til Magnus Johan Steinsvåg eller på telefon 55 57 22 14 og 55 57 22 00.

(17.04.2009 Oppdatert: 20.04.2009)

Relaterte dokument
Kontaktpersonar
Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Hordaland, Kaigaten 9, 5020 Bergen - 55 57 20 00 - postmottak@fmho.no, org.nr: 974760665