Departementet slår fast at omsynet til tryggleik for dei øvrige borna på
institusjonen, tilseier at born som utgjer fåre ikkje skal plasserast der.
(03.09.2010)
Les meir
På initiativ frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet vert det
25.- og 26. oktober 2010 arrangert avslutningskonferanse for prosjektet "Born
som lever med vald i familien". Konferansen vert halden i Sandvika, utanfor
Oslo. Påmeldingsfrist 23. september.
(24.08.2010)
Les meir
Barne-, ungdoms og familiedirektoratet har utarbeidd ein handlingsplan for
rusarbeid. Føremålet med planen er å intensivera arbeidet med å gje born med
rusproblem eit riktig og godt tilbod.
(13.08.2010)
Les meir
Vi minner om at fristen for å sende inn søknad eller framlegg om kandidatar
til Karl Evang-prisen er 20. august 2010.
(11.08.2010)
Les meir
Fylkesmannen ber no om skriftleg rapport frå barnevernsinstitusjonen som
hadde ansvar for den 15 år gamle jenta som døydde etter at ho rømte frå
institusjonen.
(03.08.2010)
Les meir
Barnelova § 30 tredje ledd er frå 9. april 2010 endra slik at born ikkje skal
utsetjast for nokon form for vald, heller ikkje lette klaps, sjølv om dette
skjer som ledd i barneoppseding.
(17.06.2010)
Les meir
Kvart år døyr barn i Noreg som følgje av vald, mishandling og
omsorgssvikt frå sine næraste. Helsepersonell skal varsle barnevernet om
dei har grunn til å tru at barn er i utsette situasjonar.
(20.05.2010 Oppdatert: 26.05.2010)
Les meir
Frå 1. mai 2010 gjeld nye reglar om samtykke for helsehjelp til barn. Reglane
skal hindre at barn lir skade fordi ein av foreldra ikkje gir
samtykke til helsehjelp. No kan det vere nok med samtykke frå ein av foreldra
i nokre situasjonar.
(27.04.2010 Oppdatert: 28.04.2010)
Les meir
Ungdom som er med på opplæringsprogram på skulen
om psykisk helse, søkjer oftare hjelp for psykiske vanskar. Det viser
ei evaluering SINTEF har gjort av tre slike program.
(15.04.2010)
Les meir
Barnevernet i hordalandskommunane hadde også i 2009 ein auke i saksmengde,
med om lag ni prosent fleire meldingar enn året før, og tretten
prosent fleire barn under omsorg. Det positive er at fleire av barna har fått
tiltaks- og omsorgsplanar.
(19.03.2010 Oppdatert: 22.03.2010)
Les meir