Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Du er her: Utdanning : Barnehagar
Hopp til menyen
Avansert

Ny rettleiar for samarbeid mellom barnehage og barnevern

veileder_samarbeid_barnevern
Sjølv om dei fleste barn i Noreg går i barnehage, kjem berre fire prosent av bekymringsmeldingane til barnevernet derifrå. Mange barnehagetilsette synst det er vanskeleg å melde saker til barnevernet.
Denne rettleiaren skal gjere det lettare og medverke til at barn som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg så tidleg som mogleg.

Det er Barne- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet som har laga rettleiaren ”Til barnets beste – samarbeid mellom barnehagen og barneverntjenesten”. Rettleiaren gjer barnehagens opplysningsplikt til barnevernet og barnevernets tilbakemeldingsplikt til barnehagen tydelegare. 

I den vedlagde lenkja finn du både pressemeldinga frå regjeringa og rettleiaren.
(18.08.2009 Oppdatert: 28.08.2009)

Kontaktpersonar
Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Hordaland, Kaigaten 9, 5020 Bergen - 55 57 20 00 - postmottak@fmho.no, org.nr: 974760665