Skal ditt lag eller din kommune søkje statleg tilskot til sikring av
friluftsområde, gjennomføring av tiltak for friluftsliv, fiske, vilt eller
kulturminne bør du handle raskt og sende inn søknad. Søknadsfrist er 15.
januar.
Staten gjev tilskot til tiltak og stimulering for vilt, fiske
(naturforvaltningstiltak) og friluftsliv. Rettleiaren frå
Miljøverndepartementet gir nærare opplysningar om kva type tiltak som kan
vere aktuelle for dei ulike postane, kor søknad skal sendast, fristar og
søknadsskjema. Generelt gjeld at søknader som skal til kommunen for
vurdering sendast dit før 15. desember. Alle søknader som skal handsamast
av fylkesmannen sendast innan 15. januar til fylkesmannen. Normalt vil alle
får svar i midten av mars. Potten som er til fordeling innanfor kvar post
vert normalt ikkje klar før midten av februar.
Rettleiaren inneheld også opplysingar om kulturminne og tiltak i forureina
område.
Har du spørsmål kan du ta kontakt med Trond Aalstad (friluftsliv) 55572229,
Atle Kambestad (fisk) 55572212 eller Tore Løne (vilt) 55572230.