Direktoratet for naturforvaltning har gjeve ei rekke
retningsliner for reguleringa av laksefisket i vassdrag. Nytt er at
det er rekna ut eit gytemål for kvart vassdrag. Det
vil seie kor mykje rogn det trengst for å fylle opp
vassdraga slik at dei produserar optimalt med laksesmolt. Omfanget av
fiske skal regulerast slik at ein oppnår gytemålet. I tillegg vert
det stilt strengare krav om å halde talet på oppdrettsfisk
på eit forsvarleg nivå.
Fylkesmannen har gjort framlegg om at fisket skal vere avslutta
seinast 15. september i alle vassdraga unnateke Daleelva. I Bjoreio,
Tyssevassdraget og i Evangervatnet er det gjort framlegg om å stogge
alt fiske på laks og sjøaure. I ei rekke andre vassdrag ligg det an til
kortare fiskesesong.
Fylkesmannen vil understreke at dette er eit
høyringsframlegg, og at vi inviterer til dialog med den lokale
forvaltninga i vassdraga før endeleg forskrift vert vedteke.
Retningslinene opner for at der det er ei godt organisert og
aktiv lokal forvalting, kan det gjerast framlegg om andre måtar å
redusere uttaket av fisk på, enn ved kortare sesong.
Du finn heile høyringsframlegget og høyringsbrevet under
relaterte dokument nedanfor