Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Du er her: Miljøvern
Hopp til menyen
Avansert

Snart kan du fiske etter rømt oppdrettsfisk

Jonas med mye oppdrettslaks - Foto: Atle Kambestad - Copyright: Not given
Ein kan fiska med garn etter laksefisk i dei fleste sjøområde i Hordaland frå 1. oktober 2004 til 28. februar 2005. I Haugsværfjorden og Matresfjorden i Masfjorden og i Åkrafjorden startar fisket 15. oktober. Det er ikkje opna for fiske i Sørfjorden i Hardanger.
Fisket er starta opp for å redusera omfanget av rømt oppdrettslaks som går opp i elvane for å gyte saman med villfisken. Det reduserer og talet på rømt laksefisk som kan vera vert for lakselus i sjøen gjennom vinteren.

Løyvet omfattar ikkje fiske i fredningssonane utanfor alle større lakse- og sjøaurevassdrag i Hordaland

Meir informasjon om fiske med setjegarn kan du finne i fylkesmannen sitt brev til garnfiskarar i Hordaland og i gjeldande forskrifter, sjå nedanfor.
(16.09.2004 Oppdatert: 01.06.2007)

Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Hordaland, Kaigaten 9, 5020 Bergen - 55 57 20 00 - postmottak@fmho.no, org.nr: 974760665