Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Du er her: Landbruk
Hopp til menyen
Avansert

Rådgjevingstenesta samordnar seg

Handtrykk - Foto: Victor Jensen
Forsøksringen i Hordaland og rekneskapsfirmaet Tveit Regnskap har underteikna ein samarbeidsavtale. Avtalen vil gje bøndene eit betre grunnlag for å styre drifta på garden ved hjelp av rekneskapstal og analyseverktøy.
Prosjektet "Samordning av private rådgjevingstenester i landbruket i Hordaland" vart formelt avslutta med møte i styringsgruppa 27.april. Prosjektet som vart starta opp for eit drygt år sidan bærer no frukter.
 
Breivik og Pedersen - Photo: Victor Jensen
Hans Arne Breivik - Leiar for Hordaland Forsøksring og Jarle Pedersen frå Tveit Regnskap. Foto: Victor Jensen
Det private rekneskapsfirmaet Tveit Regnskap, som har mange bønder i Sunnhordland og Nord-Rogaland på kundelista, og Forsøksringen Hordaland underteikna same dag ein samarbeidsavtale. Formålet med avtalen er at bøndene som søker råd hjå Forsøksringen eller Tveit Regnskap skal få eit betre grunnlag å treffe dei rette beslutningane i høve til forbetringar i drifta. Dette gjer ein i praksis ved å samkjøre Tveit rekneskap sin tilgang på nykjeltal hjå den einskilde bonde med Forsøksringen sitt analyseverktøy for ulike driftsopplegg og driftsalternativ. På denne måten får ein meir presise tal å jobbe med samtidig som ein slepp å bruke mykje tid på å hente inn data for drifta på det einskilde bruket.
 
Både Tveit Regnskap og Forsøksringen Hordaland har vore med i rådgjevingsprosjektet og dei meiner det som har komme fram i prosjektet har vore medverkande til at samarbeidet kom i gong. I tillegg til desse har Hordaland Bondelag, Hordaland bonde- og småbrukarlag, Tine, Gilde, Felleskjøpet og Norske Landbrukstenester vore med i prosjektet saman med Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen.
 
Styringsgruppa rosa initiativet til Tveit Regnskap og Forsøksringen Hordaland, og meiner vidare at dette viser at det er haldningsendringar på gang i næringa med auka vilje til å sjå på ulike løysingar for å få til ei betre samordna rådgjeving. Organisasjonane som har vore med i prosjektet vil nå ta initiativ for å få i gang prosesser i nokre regionar med mål om å få til samlokaliseringar og/eller andre former for samarbeidsløysingar mellom dei ulike rådgjevingsaktørane i regionen.
(10.05.2005 Oppdatert: 01.06.2007)

Kontaktpersonar
Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Hordaland, Kaigaten 9, 5020 Bergen - 55 57 20 00 - postmottak@fmho.no, org.nr: 974760665