Trass i at Fylkesmannen har mottatt fleire klager på standpunktkarakterar i
grunnskulen i 2009 enn i 2008, var det færre elevar som fekk heva karakteren.
I 2009 var det 150 elevar i grunnskulen som klaga på standpunktkarakterar i
fag, i 2008 fekk Fylkesmannen inn 119 klager.
Dersom Fylkesmannen finn at det er tvil om skulane har følgt gjeldande
føresegner for karaktersetning, vert klagene sendt tilbake til skulen for
ny vurdering. I 2009 sende Fylkesmannen 84% av klagene i retur. Då er det
rektor som set endeleg fagkarakter. Om lag 20% av elevane fekk heva
karakteren gjennom ny vurdering. Dette er ein nedgang på 20% frå 2008.
Fylkesmannen sende altså fleire klager tilbake til skulen for ny vurdering
i 2009, men det var færre elevane som fekk heva standpunktkarakteren.
Vi ser at det er ein del skular med mange klager, og som får klagene sendt
tilbake for ny vurdering, der rektorane aldri, eller svært sjeldan, hevar
karakterane. Fylkesmannen meiner det kan vera grunn til å stilla spørsmål
ved om elevane ved desse skulane har reell klagerett på
standpunktkarakterane. Vi ser òg at det er stor skilnad på kvaliteten på
rektor si grunngjeving av den endelege karakteren.
Det er ei lita endring i fordelinga av klager på karakterskalaen. Fleire
elevar med standpunktkarakterar på 1, 2 og 3 har klaga i 2009, samanlikna
med 2008. Den største endringa er mellom karakterane 4 og 5. Det er langt
færre elevar som klagar på karakteren 5 i 2009, men fleire klagar på
karakteren 4. 50% av klagene i 2009 gjeld karakteren 4.
Faget mat og helse hadde suverent flest klager i 2008. I 2009 var det
kroppsøving som toppa denne statistikken, med mat og helse som ein god
nummer to. Så følgjer kunst og handverk og musikk. Nytt av året er at
engelsk munnleg kjem høgt opp på denne lista, men det er framleis dei
praktisk-estetiske faga som har flest klager.