Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Du er her: Utdanning
Hopp til menyen
Rådgiver - Copyright: UDIR

Etterutdanning for rådgjevarar skuleåret 2010-2011

Førebels er det planlagt tre samlingar for alle rådgjevarane i Hordaland. Fyrste samling er 28. september i Bergen og vil handle om samarbeidet mellom skule og NAV. Påmeldingsfrist 24. september.
(27.08.2010)
Les meir
Barnehagebarn leker i sanden - Copyright: Kunnskapsdepartementet

Den nasjonale barnehageprisen 2010

Arbeider barnehagen din med kunst, kultur og kreativitet? Da kan de søkje på den nasjonale barnehageprisen. Frist for påmelding er 1. oktober.
(25.08.2010)
Les meir
Motiv forside bilde

Innsette i fengsel opplever utdanning svært positivt

Å nytte tida til noko fornuftig og nyttig opplever innsette som svært verdifullt, viser ny forsking.
(20.08.2010)
Les meir

25 millionar ekstra til etterutdanning

Kunnskapsdepartementet har omdisponert 25 mill kr frå vidareutdanning til etterutdanning for lærarar, rådgjevarar og aktørar i fag- og yrkesopplæringa. Midlane vert fordelte gjennom Fylkesmannen og kjem i tillegg til dei midlane som vart tildelte tidlegare i år.
(20.08.2010)
Les meir
skoleporten

Dagkonferanse om verktøy for skoleutvikling

Fylkesmannen i Hordaland, i samarbeid med Utdanningsdirektoratet, inviterer til konferanse på Scandic Bergen Airport Hotell 15. september 2010. Frist for påmelding er 3. september.
(18.08.2010)
Les meir
tilsyn_61619_Y06444_125x94

Samling for private skular

Fylkesmannen innbyr til samling for dei private skulane 2. september 2010 i Stavanger. På samlinga vil aktuelle lover og forskrifter bli presenterte samt erfaringar med tilsyn og bruk av verktøyet for tilstandsrapport i Skoleporten. Påmeldingsfrist er 24. august.
(18.08.2010)
Les meir
Dusj - Foto: Fleur Suijten

Gjennomspyl dusjane før skulestart

Med enkle grep kan skulane verne barn og unge mot legionellasmitte frå skuledusjen.
(13.08.2010 Oppdatert: 19.08.2010)
Les meir

Rapportar frå skriftleg eksamen i grunnskulen i 2010

Oppmennene i norsk, engelsk og matematikk i Hordaland har laga rapportar som oppsummerer erfaringar frå prøvene våren 2010. Rapportane byggjer på oppmennene sine eigne erfaringar frå sensurarbeidet, samt innspel frå sensorane i dei ulike faga.
(11.08.2010)
Les meir
elev_skriver

Nytt for skuleåret 2010 - 2011

Fylkesmannen har laga eit oversyn over endringar i opplæringslova og privatskulelova med forskrifter i tillegg til anna nytt ved skulestart.
(10.08.2010)
Les meir
Tavle 2 2 - Copyright: FMSF

Kartlegging av munnleg eksamen i grunnskulen

Utdanningsdirektoratet vil kartleggje gjennomføringa av munnleg eksamen i grunnskulen våren 2011. Bakgrunnen er tilbakemeldingar om at eksamen blir praktisert svært ulikt rundt om i landet. Minst to kommunar i Hordaland vil bli med i undersøkinga.
(06.07.2010)
Les meir
Avansert

Kontaktinformasjon

Utdanningsdirektør Kjellbjørg Lunde
Telefon: 55 57 23 51
E-post: postmottak@fmho.no
Telefon og e-post til tilsette

Kven gjer kva på utdanningsavdelinga?

Utdanning

Barn og unge har plikt til grunnskuleopplæring, og rett til ei offentlig grunnskuleopplæring. Noreg har tiårig obligatorisk grunnskule som blir finansiert av kommunane. Barna tek til på skulen det året dei fyller 6 år. All ungdom mellom 16 og 19 år har rett til vidaregåande opplæring. Elevane kan velje mellom yrkesførebuande eller studieførebuande program, og opplæringa blir finansiert av fylkeskommunen.
 
Fylkesmannen skal bidra  til at den nasjonale utdanningspolitikken blir følgt opp av fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar. Vi skal vere ein ressurs og eit serviceorgan for kommunar, fylkeskommunar og andre med oppgåver innanfor opplæring, til dømes private skular, studieforbund og folkehøgskular.
 
Fylkesmannen skal dessutan bidra til å ivareta rettane og rettsvernet til elevar, føresette, lærlingar og deltakarar i vaksenopplæringa.
(02.08.2010)
Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Hordaland, Kaigaten 9, 5020 Bergen - 55 57 20 00 - postmottak@fmho.no, org.nr: 974760665