Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Du er her: Helse
Hopp til menyen
Avansert

Meir tvang i psykisk helsevern

Ein ny rapport frå Sintef Helse viser at bruken av tvang i psykisk helsevern har auka sterkt sidan 2001. Den store variasjonen i tvangsbruk mellom institusjonane kan berre delvis forklarast med at institusjonane har ulike oppgåver.
Rapporten Bruk av tvangsmidler i psykisk helsevern i 2001, 2003 og 2005. Hva kan forklare institusjons- og avdelingsforskjeller? frå Sintef Helse er ein del av Noregs Forskingsråds evaluering av Opptrappingsplanen for psykisk helse. Alle døgninstitusjonar innan psykisk helsevern for vaksne har gitt opplysningar om bruk av tvangsmidlar og skjerming.
 
Eitt av måla for opptrappingsplanen er å redusere bruken av tvang overfor pasientar i psykisk helsevern. Psykisk helsevernlova omfattar tre formar for tvangsmiddel: mekaniske (belte og reimar), korttidsverkande legemiddel og isolering. Tvangsmiddel er tiltak som kan brukast i nødrettliknande situasjonar, der pasienten har utagerande og ukontrollert åtferd. Tvang skal ikkje brukast som behandling.
 
Rapporten viser at bruken mekaniske tvangsmiddel (beltelegging) auka med 50 prosent frå 2001 til 2005. Medan bruken av korttidsverkande legemiddel blei redusert frå 2001 til 2003, har det vore ein tilsvarande auke frå 2003 til 2005. Bruken av isolering er kraftig redusert. Talet på vedtak om skjerming har auka gjennom heile perioden og blei nytta 2,5 gonger så ofte i 2005 som i 2001.
 
Det var store variasjonar mellom institusjonane i bruken av tvang. Desse kan berre delvis førast tilbake til forskjellar i behandlingsoppgåver mellom institusjonane.
(16.05.2007 Oppdatert: 01.06.2007)

Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Hordaland, Kaigaten 9, 5020 Bergen - 55 57 20 00 - postmottak@fmho.no, org.nr: 974760665