Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Du er her: Miljøvern
Hopp til menyen
Avansert

Viktig vegetasjon langs vatn og vassdrag

Tre og andre plantar langs elvar, bekker og vatn skal takast vare på. I denne vegetasjonen lever ei rekkje små insekt og andre dyr. Fleire av dei er viktig og god mat for laks og aure.
Kantvegetasjonen fangar og opp næringssalt og overflateavrenning, og motverkar såleis ureining gjennom auka algevekst og begroing. Kraftige tre- og planterøter hindrar erosjon og verkar dempenade ved flaum.
 
Viktig kantvegetasjon langs Forsand-ånå
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
                Viktig kantvegetasjon langs Forsandånå. Foto: Per Terje Haaland
 
 
Vern i Vassresursslova
Kantvegetasjonen langs vassdrag fått eit spesielt vern gjennom vassressurslova frå 2001. Det blir her slått fast at det langs vatn og vassdrag skal takast vare på ei sone med naturlig vegetasjon. Dette kravet er ikkje til hinder for tynning eller skjøtsel av skog. Det er også lov å fjerne vegetasjon for å få tilkomst elva eller vatnet, for eksempel til brygge, båthus eller fiskeplass. Men kantsona skal likevel vere så stor at den kan vere ein levestad for planter, dyr og fuglar. Laks og aure er også svært avhengige av å ete insekt som lever i vegetasjonen ved elva. For sterk solinnståling til elver og småbekker kan også føre til uønska algevekst i vassdrag som har for høgt næringsinnhald.
 
Dispensasjon
Dersom ein er i tvil om kravet til bevaring av kantsonene blir oppfylt, kan ein kreve at kommunen slår fast kor brei kantsona i området skal vere. Men det er bare vassdrags-styresmakta (i dette tilfellet Fylkesmannen) som kan dispensere frå kravet om bevaring av kantvegetasjonen.
 
Langs verna vassdrag
Langs verna vassdrag kan NVE også kreve at kantsone med naturlig vegetasjon skal etablerast på ny. Ved inntekstap som følge av dette - for eksempel ved etablering av naturlig vegetasjon på dyrka mark - har grunneigar krav på erstatning.
 
Fylkesmannen i Vest-Agder har utarbeidd ein brosjyre om kantsona langs vatn og vassdrag, og korleis denne skal takast vare på. Omtale av brosjyren og lenke til elektronisk versjon finn du under. Du kan også få tilsendt brosjyren i papirversjon ved å vende deg til Fylkesmannen i Vest-Agder.
(17.06.2008 Oppdatert: 18.06.2008)
Kontaktpersonar
Hopp til menyen Hopp til innhold
Nettadresse: www.fylkesmannen.no/rogaland - E-post: postmottak@fmro.no - Tlf.: 51 56 87 00
Postadresse: Postboks 59, 4001 Stavanger - Besøksadresse: Lagårdsveien 78, Stavanger
Fakturaadresse: Fylkesmannen i Rogaland, Fakturamottak SSØ, Postboks 4104, 2307 Hamar
 Org.nr. 974763230