Hordalandsskogbruket opplevde ein overraskande stor hogst i 2009, men
investeringane i skogbruket var derimot særs låge. Lindås og Ullensvang hadde
mest aktivitet, medan Voss hadde lågaste hogsten nokonsinne registrert.
Statistikken over aktiviteten i Hordalandsskogen i 2009 er no ferdigstilt.
Med bakrgunn i finanskrisa og bråstoggen i finanskrisa seinhaustes 2008 var
det forventa til dels stor nedgang i hogsten. Året byrja og dårleg med
stogg i lokal sagbruksindustri og vanskar med å få selt tømmer. Men
utover året tok aktiviteten seg opp og hogsten vart på over 90
000 kbm. Dette var ned 5000 kbm frå 2008, men det var trass alt eit toppår
med den største hogsten i fylket sidan 1995. Grana held fram med å vera det
klart viktigaste treslaget i fylket, det vart hogd nesten 80 000 kbm med
gran, men berre drygt 10 000 kbm med furu.
Lindås og Ullensvang på topp, Voss og Kvinnherad langt
nede
Lindås, Ullensvang og Bergen stod for over halvparten av
hogsten i fylket i 2009. Det er sjelden at hogsten vert så dominert av nokre
få kommunar. Den tradisjonsrike skogkommunen Voss kom på fjerdeplass på lista
med berre 5000 kbm og Kvinnherad som og er ein tung skogkommune hogg mindre
enn 3000 kbm. Det er vanskeleg å vita kvifor det er slik, men både Voss og
Kvinnherad har nok hogstmogen skog til å hogga mykje meir. Elles er det verdt
å merka seg at dei årlege svingingane er veldig store, slik at plasseringane
lett kan endra seg til neste år.
|
Kommune
|
Hogst
(kbm)
|
Kommune
|
Hogst
(kbm)
|
|
Lindås
|
23476
|
Osterøy
|
645
|
|
Ullensvang
|
17976
|
Odda
|
598
|
|
Bergen
|
9590
|
Fitjar
|
353
|
|
Voss
|
5268
|
Radøy
|
314
|
|
Tysnes
|
5191
|
Stord
|
294
|
|
Ulvik
|
4113
|
Fjell
|
245
|
|
Jondal
|
3856
|
Austevoll
|
219
|
|
Etne
|
2832
|
Øygarden
|
194
|
|
Kvinnherad
|
2705
|
Bømlo
|
136
|
|
Granvin
|
2519
|
Modalen
|
118
|
|
Os
|
2274
|
Askøy
|
77
|
|
Sveio
|
2154
|
Vaksdal
|
62
|
|
Meland
|
1917
|
Sund
|
23
|
|
Kvam
|
1594
|
Samnanger
|
14
|
|
Fusa
|
1360
|
Sum Hordaland
|
90117
|
Mykje inneståande midlar, men lågt investeringsnivå
Paradokset i skogbruket i fylket i dag er at inneståande midlar på skogfond
har auka frå 7 millionar kroner i 2003 til nesten 13 millionar kroner i 2009.
Samstundes er investeringsnivået mykje for lågt. Nyplantinga av gran var
740 dekar i 2009, medan ein burde ha planta 1500 dekar for å ha erstatta
arealet med gran som vart hogd. Dei siste tre åra har arealet med
gran i fylket sunke med 800 dekar i året, ei særs ugunstig
utvikling.
Det står ikkje betre til med ungskogpleia, som har vore i nesten fritt fall
siste åra og i 2009 vart det utført på berre 700 dekar.
Ein reknar med det er trong for nærare 20 km skogsbilvegar i fylket i året
framover, noko som representerer ei årleg investering på om lag 20 millionar
kroner. Utbetalingane frå SKAS har dei siste åra berre vore om lag 4
millionar kroner og det står med skogeigar sin eigendel for ei
investering på 6-7 millionar kroner. Underinvesteringa er med andre ord
betydeleg når det gjeld skogsbilvegar og ikkje berre
skogkultur.
For meir informasjon og statistikk om skogbruket i Hordaland, sjå
vedlagde årsmelding for 2009.
(11.03.2010 Oppdatert: 16.08.2010)