Nye fisketider i elvar i Hordaland
Fylkesmannen har vedteke ny forskrift for fiske etter laks
og sjøaure i vassdrag. Forskrifta innskrenkar fiskesesongen i mange elvar.
Innskrenkinga er ei følge av den dårlege tilstanden
for fiskestammane. Hovudårsaka til dette er rømd laks og lakselus frå
oppdrettsnæringa.
Forskrifta vart send ut på høyring 1. desember 2009. Det kom ikkje mange
innvendingar i høyringa. Den einaste endringa i høve til framlegget, er at
fiskesesongen startar to veker tidlegare i Matreelva i Masfjorden, det vil
seie 1. juli.
Det er usikkert kor mykje laks og sjøaure som kjem tilbake for å gyte i
elvane i Hordaland i 2010. Nokre prognosar er særs pessimistiske.
Fylkesmannen har difor oppfordra grunneigarlag og andre i den lokale
forvaltninga til å følgje med og redusere fisket om det kan sjå ut til å bli
for lite fisk til gytinga.
(18.02.2010 Oppdatert: 25.02.2010)